LEIAR: | FRANK FOSSEDAL |
NESTLEIAR: | KNUT EIDHEIM |
SEKRETÆR: | BERIT JORID FLORE (slutta juni 2001) |
KASSERAR: | INGE ASBJØRN HAUGEN |
LEIAR ØKONOMINEMND: | ERIK RØNNEKLEIV |
VARA: | OLE TOM MYROLDHAUG (SEKRETÆR FRÅ AUGUST 2001) |
ØKONOMINEMND: | ERIK RØNNEKLEIV |
EIVIND TORHEIM | |
AUD SKIPENES | |
ANNBJØRG MIKALSEN |
NOTE/MUSIKKUTVAL: | UNN-ELIN CARLSEN |
RUNE TOTLAND | |
IVAR BJARTE NORD |
MATERIALFORVALTING: | UNIFORMER: | ODD FRISLID |
INSTRUMENT: | ERLING LØVØ | |
NOTAR: | RUNE TOTLAND |
REVISORAR: | IVAR MOEN |
LIDVARD BERGSET |
VALNEMND: | HANS OLE HJELLE |
RITA NYLAND |
BLÅTURNEMND: | ODD FRISLID |
INGER LISE STRAND | |
RIGMOR GANGDAL |
Styremøte:
Styret har hatt 4 styremøte, og nokre møte med styret
i Stryn musikklag for å planlegge felles konsert.
Øvingar:
I vårsesongen hadde vi til saman 23 øvingar samt ei øvingshelg
saman med Stryn musikklag. I haustsesongen var det 15 øvingar. Talet
på øvingar er inkludert ekstraøvingar før konsertar.
Oppmøtet i haust har vore variabelt. Det betra seg litt etter
operaen.
Aktivitetar og speleoppdrag:
3. januar Første øving
6. januar Speling i Valhall:
juletrefest turngruppa (lita gruppe)
12.-14.jan.: Øvingshelg med Stryn musikklag
i Stryn kulturhus: Dir. Endre Ladehaug
10. februar Elton John konsert på Fjordane folkehøgskule
på Eid
Utdeling av NMF si fortenestemedalje til Berge Bjørkedal og Rune
Totland
11. februar Elton John konsert i Stryn kulturhus
14. februar Årsmøte
24. mars Konsert med skulekorpset under fylkesmeisterskapen for skulekorps
Veke 14 Loddsal MEGA
29. april Vårkonserten i
aulaen på folkehøgskulen
Unn Elin tildelt Eid musikkråd sin musikkpris
5. mai
Hingsteutstilling
8. mai
Marsjering frå kyrkja, arr. ved sørgande mor
17. mai Vanleg
speling: revelje, barnetog, folketog, tappenstrek
9. juni
Musikkens dag
13. juni Mini blåtur
i hagehuset til Inger Lise
16. juni Konert på
Expeditionen med Arna musikkforening og musikklaget Janus frå Arna.
Sosialt samvær
etterpå.
22. august Første øving
14. sept.
Frakt av utstyr i samband med teater på Eidamessa
15. sept
Speling ved Eli's telt på Eidamessa
Veke 40 Loddsal på REMA 1000
2. november Speling i Valhall: Nordfjordeid
skulekorps si 40 års markering
25. november Speling ved tenning av julegata. Marsjering
frå kyrkja til Maurstadparken.
Speling ved tenning av julegrana
16. desember Speling på hotellet
på familiejulebord
Julekonsert i Eid kyrkje
24. desember Tradisjonell speling
på institusjonane
Merksemder:
Utdeling av NMF si fortenestemedalje
til Berge Bjørkedal og Rune Totland
Blomster på 75 års
jubileet til Kjølsdalen musikklag
Unn Elin tildelt Eid musikkråd
sin musikkpris
Berit Jorid Flore fekk gåve
frå musikkklaget
Blomster til Odd Frislid
sin 50 års dag (litt forseinka)
Blomster til Unn Elin ved
siste øving
Berge fekk ei lita merksemd
for musikalsk leiing av korpset i haust
Blomster til unn Elin og
Arne for godt arbeid!
Økonomi:
Årsresultatet viser minus kr 7000,-. Årsaka til underskotet
kjem frå underskot av Elton John konsert. I tillegg er ikkje kontingent
sendt ut for 2001. Det nye styret må snarast krevje inn kontingent
for 2001.
Medlemstal:
25 medlemmar. Knut er stødig i føring av frammøteprotokoll.
Musikkleiing:
Unn Elin leia korpset ut vårsesongen. I haust stod korpset utan
dirigent. Berge tok på seg rolla og leia korpset fram til Arne Hagen
kom inn 2. november.
Oppsummering:
Denne sesongen har vore todelt.
1. Etterjulsvinteren var rimeleg travel med oppstrat allerede 3. januar. Vi hadde speleoppdrag kvar månad men det som verkeleg tok tid var det interkommunale samarbeidet med Stryn musikklag. Det er godt å sjå at det er musikken som er målberande i auka samarbeid over dei kommunale grenser.
Eid og Stryn Musikklag øvde inn ein konsert med eit godt utval
av Elton John sine mest populære svisker. Laurdag 10. februar gjennomførte
vi konserten på Eid i ein fullsett Aula. Stemningen var på
topp både i korpset og i salen.
Søndagen framførte vi konserten i Stryn Kulturhus med
litt færre publikum og dermed litt rolegare stemning
På konserten i Eid vart Berge Bjørkedal og Rune Totland beæra med NMF fortenestemedalje og på vårkonserten i april vart Unn Elin tildelt Eid musikkråd sin musikkpris. Vi gratulerer alle nok ein gang.
Resten av våren vart fylt med tradisjonelle speleoppdrag og avslutta
med ein overraskande og hyggelig blåtur i hagen til Inger Lise. Den
16. juni fekk vi eit hyggelig besøk frå musikklaget Janus
og Arna. Vi arrangerte då ein felles utekonsert på Expedisjonen
i eit vakkert sommarver. Kvelden vart avslutta med hyggeleg middag og påfølgande
fest.
Haustøvinga starta 22. august. Unn Elin var med på to øvingar
og gjekk deretter over i svangerskapspermisjon. Dirigentsituasjonen var
ikkje avklara og musikklaget gjekk inn i ei rolig tid medan vi prøvde
å få tak i ny dirigent.
Vi tok på oss nokre oppdrag i anledning Eidamessa og 40 års
jubileet til Skulemusikken og ved hjelp av ein aktivitetsplan styre la
fram bestemte vi oss for å avholde vanlege øvingar framover.
I denne perioden tok Berge ansvar og øvde inn nokre nummer med oss.
Vi takkar for at du tok dette ansvaret. Arne Hagen sitt namn dukka opp
som alternativ dirigent og han starta gjerninga si på andre øvinga
i november.
No starta innøvinga av julekonserten som vi gjennomførte
med glans og eg trur alle medlemane i Eid musikklag no såg lysare
på den musikalske framtida.
Siste aktivitet i denne sesongen var invitasjon frå Stryn Musikklag
om eit nytt musikkprosjekt. Vi bestemte oss for å ta imot invitasjonen
og dirigentar vart sett i sving med å finne repertoar. Resultatet
av dette kjem på neste årsmelding.
Takk for innsatsen i denne sesongen !
Frank Fossedal
Ole Tom Myroldhaug
Leiar
Sekretær
Eid Musikklag, heimeside.