Samansetting av styret etter årsmøtet 13.02.2002:
Leiar: Odd Frislid
Nestleiar: Knut Eidheim
Sekretær: Ole Tom Myroldhaug
Kasserar: Inge Asbjørn Haugen
Leiar økonominemnda: Erik Rønnekleiv
Vara: Liv Berit Bjørlo
Økonominemnd: Erik Rønnekleiv
Eivind Torheim
Aud Skipenes
Annbjørg Mikalsen
Note- og musikkutvalet: Arne Hagen/Unn Elin Carlsen
Rune Totland
Eli Førde Aarskog
Materialforvalting:
Uniformer: Odd Frislid
Instrument: Erling Løvø
Notar: Rune Totland
Revisor: Ivar Moen
Lidvard Bergset
Valnemnd: Inger Lise Strand
Ingrid Myklebust
Blåturnemnd: Anne Grete Eikås
Rita Karin Nyland
Styremøte:
Styret har hatt 4 styremøte. I tillegg møte
med Stryn musikklag for planlegging av felles konsertar.
Øvingar:
Vårsesongen 2002: Korpset hadde 23 øvingar
inkludert ei øvingshelg i januar saman med Stryn musikklag.
Haustsesongen 2002: Korpset hadde 17 øvingar.
I tillegg ei øvingshelg 31.8 – 01.09. på Torheim.
Aktivitetar og speleoppdrag:
Januar: Første øving 9. januar.
Øvingshelg saman med Stryn musikklag.
Speling i Eid kyrkje i samband med gravferda
til Sigurd Paulsen.
Speling i Eid kyrkje i samband med gravferda
til Mikal Andersen.
Februar: Årsmøte 13. februar.
Mars: Film- musical konsert saman med Stryn musikklag
fredag 8. mars på Fjordane folkehøgskule og laurdag
9. mars i Stryn kulturhus.
Stryn og Eid musikklag hadde festleg samver på
Visnes hotell i Stryn etter konserten.
April: Eid og Stryn musikklag spelte på
”nordfjordkvelden” under NM i skiskyting på Fjordane folkehøgskule.
Vårkonsert på Fjordane folkehøgskule.
Mai: Speling på hingsteutstillinga.
Marsjering frå kyrkja til Plassen. Speling under
arr. 8. mai ved
”Sørgjande mor”.
17. mai: Revelje, barnetog, folketog og tappenstrek.
Siste øving 15. mai.
Juni: Blåtur til Askvoll 8. – 9. juni.
August: Første øving 21. august.
Øvingshelg med sosialt samvær
på Torheim.
September: Speling av marsjar på Eidamessa 2002.
Speling på Fabrikken under opninga av
”Harald Aabrekks Stadion”.
Oktober: Speling utanfor huset til Ivar Bjarte Nord i høve hans 50 års dag.
November: Speling ved tenning av julegata. Marsjering frå kyrkja til Maurstadparken. Speling ved tenning av julegrana.
Desember: Julekonsert i Holmøyane onsdag 11.
og i Hennebygda fredag 13. desember.
Tradisjonell julekonsert i Eid kyrkje søndag
15. desember.
Speling i sentrum 22. desember.
Tradisjonell speling på institusjonane
på julafta.
Speling under Eil-turngruppa sin juletrefest
i Valhall 28. desember.
Merksemder:
Blomster til Sigurd Paulsen si båre.
Blomster til Mikal Andersen si båre.
Blomster til Rigmor Gangdal sin 40 års
dag 4. mai.
Ole Matias Nes fekk ei lita merksemd før
Gardemusikken stakk av garde med han.
Blomster til Anne Karin Torheim for at vi var
så velkomne til Torheim.
Blomster til Ivar Bjarte Nord sin 50 års
dag.
Blomster til Helene Sølvberg for arrangementet
i Hennebygda.
Britt Pernille Lindvik, Siv Elen Storevik og
Unn Elin Carlsen fekk blomster under julekonserten.
Økonomi:
Økonomien i musikklaget er ikkje bra. Vi har
eit underskot på vel kr 17000,-. Også i fjor
hadde vi underskot (kr 7000).Fellesarrangementet med
Stryn musikklag gav eit negativt
resultat på kr 4079 for kvart av korpsa. Det
nye styret må saman med øk. nemnda prøve å
rette opp økonomien.
Medlemstal:
Det var 26 medlemmar ved vårsesongen og 31 medlemmar
ved haustsesongen iflg Knut!
Musikkleiing:
Arne Hagen leia korpset stødig gjennom vårsesongen.
Han overlet taktstokken til
Unn Elin Carlsen som tok over no i haust.
Oppsummering:
Året 2002 starta med øving 9. januar
og med ei øvingshelg saman med Stryn musikklag.
Eid og Stryn musikklag øvde inn ein konsert
med variert musikk. Vi hadde fellesøvingar både
i Stryn og på Eid. I tillegg hadde vi ei øvingshelg
på Eid.
Felleskonserten hadde vi på Fjordane folkehøgskule
fredag 8. mars og i Stryn kulturhus
laurdag 9. mars. Etterpå hadde vi sosialt samver
på Visnes Hotell.
Samarbeidet over kommunegrensa var ikkje slutt med dette. Under NM i skiskyting på Eid, spelte Eid og Stryn musikklag saman på Nordfjordkvelden.
Resten av våren var det dei tradisjonelle speleoppdraga. Sesongen vart avslutta med ein ”blåtur” til Askvoll. Takk Rita og Anne Grete!
Haustøvinga starta 21. august. Korpset fekk tilbake sin ”kjære” dirigent, Unn Elin Carlsen. Fyrste helga i september var det øvingshelg på Torheim. Dette er noko korpset bør ha som ein fast tradisjon.
Styret starta ein rekrutteringskampanje. Dei eldste i skulekorpsa på Eid og Hjelle vart kontakta. I tillegg fekk vi laga ein reportasje i Fjordabladet om rekruttering. Musikklaget fekk fleire flinke musikantar. Desse har vore med å heve korpset musikalsk.
Eid musikklag tok mål av seg å vere med
på Sogn og Fjordane meisterskapen. Meisterskapen skulle haldast på
Eid med Kjølsdalen musikklag som teknisk arrangør.
I oktober bestemte styret i samråd med dirigenten
at musikklaget måtte trekke seg frå meisterskapen. Grunnen
var for dårleg oppmøte på øvingane i haust og
at sentrale stemmer kom til å vere vekke frå øvingane.
Det vart bestemt at vi skulle ha julekonsertar i Holmøyane og i Hennebygda. Vi leigde inn Britt Pernille Lindvik som solist. Det vart to flotte konsertar.
Søndag 15. desember var vi med på den tradisjonelle julekonserten i kyrkja. Her var også Britt Pernille med.
Sesongen vart avslutta med speling i gata før
jul, tradisjonell speling på institusjonane på julafta og speling
på juletrefest i Valhall.
Takk for året 2002!
Odd Frislid Ole Tom Myroldhaug
Leiar
Sekretær
Eid Musikklag, heimeside.