Samansetting av styret etter årsmøtet 12.02.2003:
Leiar: Rita Karin Nyland
Nestleiar: Odd Frislid
Sekretær: Ole Tom Myroldhaug
Kasserar: Annbjørg Mikalsen
Leiar økonominemnda: Ingrid Myklebust
Vara: Lidvard Bergset
Økonominemnd: Ingrid Myklebust
Eivind Torheim
Aud Skipenes
Erik Rønnekleiv
Rigmor Gangdal
Note- og musikkutvalet: Unn Elin Carlsen
Rune Totland
Eli Førde Aarskog
Materialforvaltning:
Uniformer: Odd Frislid
Instrument: Erling Løvø
Notar: Rune Totland
Revisor: Ivar Moen
Inger Lise Strand
Valnemnd: Inger Lise Strand
Anne Grete Eikås
Sosialnemd: Siv Rotevatn
Liv Berit Bjørlo
Inger Lise Strand
Styremøte:
Styret har hatt 4 styremøter. I tillegg har
vi hatt nokre uformelle møter i samband med øving.
Øvingar:
Vårsesongen 2003: Korpset hadde 17 øvingar.
Haustsesongen 2003: Korpset hadde 18 øvingar.
I tillegg ei øvingshelg i november i forbindelse med Jubileumskonserten
i Aulaen.
Aktivitetar og speleoppdrag:
Januar: Første øving 8. januar.
Februar: Årsmøte 12.02.2003.
Mars: Revyøvingar.
April: Konsert/ Revy i Valhall 11. og 12.april.
Vårkonsert i Aulaen.
Mai: Speling på hingsteutstillinga.
Speling under arr. 8. mai ved ”Sørgjande
mor”.
17. mai: Revelje, barnetog, folketog og tappenstrek.
Siste øving 14. mai.
Juni: Speling i bryllaupet til Randi og Helge.
Avsluttning i paviljongen til Inger Lise.
August: Første øving 20. august.
September: Stormfestival i Torskangerpollen.
Speling under Eidamessa i eit karnevalstog.
November: Jubileumskonsert i Aulaen. Julebord på
Nordfjord Hotell.
Speling ved tenning av julegata. Marsjering frå
kyrkja til Maurstadparken. Speling ved tenning av julegrana.
Desember: Tradisjonell julekonsert i Eid kyrkje
søndag 14. desember. Eid Musikklag var teknisk arrangør.
Speling i sentrum.
Tradisjonell speling på institusjonane
på julafta.
Speling under Eil-turngruppa sin juletrefest
i Valhall 28. desember.
Merksemder:
Bryllaupspresang til Randi og Helge.
Inge Haugen fekk blomster i anledning 50-årsdagen
i april.
Helge Rønnekleiv fekk blomster i anledning
sin 40-årsdag i desember.
Blomster til Inge og Knut som forlot styret
i fjor.
Blomster til Erik Rønnekleiv for flittig
oppmøte på øving.
Blomsterdryss under Jubileumskonserten til solistar,
dirigent, konfransier, og ”gamlingane”.
Julehelsing til Unn Elin.
Medlemstal:
Det var 28 medlemmar ved vårsesongen og 34 medlemmar
ved haustsesongen iflg Knut!
Musikkleiing:
Unn Elin Carlsen har svinga piska, som vanleg.
Oppsumering:
Året 2003 starta med øving 8. januar.
Vårsesongen vart prega av at Eid Musikklag skulle ha
konsert og revy i Valhall i april. Arrangementet
var ein stor suksess, i følgje Fjordabladet, samt fleire store aviser
i distriktet. Wåge’s spelte til dans på laurdagen. Økonomisk
gav ikkje arrangementet det store overskotet som vi hadde vona, men vi
gleda eit trufast publikum.
Helge fridde til Randi, og brura sa ja. Då blei
vi så glad, at vi reiste av stad. For å spela…..Vi sto på
lur bak vår kyrkjemur, og når vi såg brudgom og brur
då bles vi i vår lur: Kronprinsparets Bryllaupsmarsj gjalla
for dei lukkelege to, måtte lukka gro som graset bak do!
Så starte ein god haustsesong, der vi lada batteria skikkeleg på Stormfestivalen. Ein del busk-spel vart det, til inga nytte, men humøret var på topp sjølv om vi ikkje vann stafetten…..
Vi har hatt ei god rekruttering siste året, og vonar at dette er ein trend som vil fortsette vidare. Det er svært gledeleg at så mange unge har meldt seg inn i musikklaget.
Vi planla tidleg ein Jubileumskonsert sidan Eid Musikklag runda 90 år denne sesongen. Inger Lise var oppservant, og såg ei annonse i NMF ang. midlar ein kunne søke om å få, til konsertar, under navnet ”Drømmekonserten”. Vi sende ein søknad, og til vår store overrasking fekk vi tildelt kr. 7500,- til dette føremålet. Jubileumskonserten blei ein stor musikalsk suksess, der bl.a. Michael Pavelich, Jannicke Hagen, Britt Pernille Lindvik, Solveig Holmøyvik, Andreas Rotevatn og Tale Aarre var solistar, i tillegg til nokre av våre eigne musikantar.
Søndag 14. desember var vi med på den tradisjonelle julekonserten i kyrkja. I år var vi teknisk arrangør for dette arrangementet.
Sesongen vart avslutta med speling i gata før
jul, tradisjonell speling på institusjonane på julafta og speling
på juletrefest i Valhall.
Takk for året 2003!
Rita Karin Nyland Ole Tom Myroldhaug
Leiar
Sekretær
Eid Musikklag, heimeside.