Samansetting av styret etter årsmøtet 25.02.2004:
Leiar: Odd Frislid
Nestleiar: Rita Nyland
Sekretær: Ole Tom Myroldhaug
Kasserar: Annbjørg Mikalsen
Leiar økonominemnda: Rigmor Gangdal
Vara: Lidvard Bergset
Økonominemnd: Ingrid Myklebust
Inger Lise Strand
Randi Alsaker
Erik Rønnekleiv
Rigmor Gangdal
Note- og musikkutvalet: Unn Elin Carlsen
Rune Totland
Helge Rønnekleiv
Materialforvaltning:
Uniformer: Agnar Kragseth
Instrument: Svein Rotevatn
Notar: Rune Totland
Revisor: Bjarne Hundeide
Inger Lise Strand
Valnemnd: Inger Lise Strand
Anne Grete Eikås
Blåtur-/sosialnemd: Siv Rotevatn
Liv Berit Bjørlo
Reidun Årskog
Internettansvarleg: Inge Haugen
Kaffikokar og opplåsar: Knut Eidheim
Styremøte:
Styret har hatt 4 styremøte. I tillegg har
vi hatt nokre uformelle møte i samband med øving.
Øvingar:
Vårsesongen 2004: Korpset hadde 17 øvingar.
I tillegg eit slagverkseminar i mars.
Haustsesongen 2004: Korpset hadde 19 øvingar. I tillegg ei øvingshelg i oktober.
Aktivitetar og speleoppdrag:
Januar: Første øving 7. januar.
Februar: Årsmøte 25.02.2004.
VM på ski for juniorar: Speling under
opningsseremonien på
Per Bolstad plass i Stryn.
Mars: Plassens Venner hadde basar i Valhall. Eid Musikklag spelte.
April: Loddsal på Mega.
Vårkonsert i Aulaen.
Mai: Musikkafè i Valhall 1. mai. Eid Barnekor
deltok også.
Speling på hingsteutstillinga.
Speling under arr. 8. mai ved ”Sørgjande
mor”.
17. mai: Revelje, barnetog, folketog og tappenstrek.
Sosial tur til Bergen 22. – 23. mai.
Juni: Konsert i Hennebygda 2. juni.
Speling for Lidvard Bergset sin 70 års dag 9.
juni.
August: Eid Musikklag stilte med vakter under Malakoff
rockfestival.
Første øving 18. august.
Speling under opninga av ”nye Eidsgata” ved Betania.
September: Eid Musikklag var med på opninga av nyevegen over Stigedalen.
November: Loddsal på Rema.
Speling ved tenning av julegata. Marsjering
frå kyrkja til Maurstadparken.
Speling ved tenning av julegrana i Maurstadparken.
Desember: Konsert på Fjordane Folkehøgskule
4. desember. Dette var eit samarbeidsprosjekt der Nordfjordeid skulekorps,
Stårheim songlag, Tastamentet, Michael Pavelich og Hege Lillestøl
Naustdal var med. Stor suksess!
Tradisjonell julekonsert i Eid kyrkje søndag
12. desember.
Speling under fakkeltoget til støtte
for Nordford sjukehus 13. desember.
Tradisjonell speling på institusjonane
på julafta.
Merksemder:
Blomsterhelsing til Ole Tom Myroldhaug sin 40
års dag.
Blomster og gåve til Lidvard Bergset sin
70 års dag.
Påskjønning (blomster) for rekruttering:
Fam Rønnekleiv.
Blomster til Tor Myklebust sin 40 års
dag.
Blomster til Inger Lise Strand sin 50 års
dag.
Blomster til Svein Rotevatn sin 50 års
dag.
Blomsterhelsing til Måløy Musikklag
si 100 års markering.
Blomsterdryss til dirigentar og solistar under
konserten i aulaen på
Fjordane Folkehøgskule 4. desember.
Julehelsing til Unn Elin Carlsen og Hege Lillestøl
Naustdal.
Medlemstal:
Det var 30 medlemmar ved vårsesongen og 33 medlemmar
ved haustsesongen iflg Knut!
Musikkleiing:
Unn Elin Carlsen har hatt det musikalske ansvaret.
Oppsummering:
Årsmeldinga for 2004 syner at aktiviteten har
vore på det jamne. Dei tradisjonelle speleoppdraga har vorte gjennomførte
med stil, presisjon og ikkje minst speleglede. Andre oppdrag har vore musikkafè
i Valhall der Eid barnekor var gjest. Mange trufaste musikkvener møtte
opp. Ein tur til Stryn vart det også. Eid Musikklag var ein av mange
aktørar som deltok på opningsseremonien under junior-VM på
ski.
I juni bestemte styret og dirigenten at det skulle
arrangerast ein showkonsert i Aulaen. Unn Elin tok kontakt med Rolf Jakob
Vedvik i Måløy Musikklag. Han lånte oss notar som musikklaget
spelte igjennom i haustsesongen. Styret bestemte at dette måtte bli
eit samarbeidsprosjekt med fleire involverte aktørar. Stårheim
songlag, Nordfjordeid skulekorps og Tastamentet vart med på konserten.
I tillegg leigde vi inn to songsolistar,
Michael Pavelich og Hege Lillestøl Naustdal.
Ei øvingshelg samt nokre fellesøvingar var nok til at det
musikalske var på plass til konserten. Aulaen vart fylt av musikkglade
eidarar som likte det dei høyrde. Fin omtale vart det også
i Fjordabladet. Konserten gav eit økonomisk bra overskot. Dette
er noko som musikklaget kan gjere fleire gongar.
I desember var sjukehusstriden på det høgaste. Fakkeltog vart arrangert med over 4000 personar og Eid Musikklag var sjølvsagt med.
I mai reiste festglade musikkantar på tur til Bergen for å gå på revyen, ”Kvinner på randen”. Sosialnemnda, med Liv Berit i spissen, arrangerte turen. Ikkje alle i musikklaget kunne reise, men dei som reiste hadde det svært triveleg.
Som vi elles ser av årsmeldinga har mange medlemmer feira rundt år. Lidvard Bergset feira 70-årsdag og vi spelte sjølvsagt for han. I Prestemarka innviterte Lidvard oss på mat og drikke.Takk for ei hyggjeleg stund Lidvard!
Leiar vil takke for seg og ønskje ny leiar lukke
til.
Odd Frislid Ole Tom Myroldhaug
Leiar
Sekretær
Eid Musikklag, heimeside.