ÅRSMØTE I EID MUSIKKLAG 2006
 

Årsmøtet vert halde i kantina på yrkesskulen 25. januar 2006      kl 21.00
 

Sakliste:

Sak 1:              Konstituering
a) Godkjenning av innkalling
b) Godkjenning av sakliste
c) Val av møteleiar
d) Val av referent
e) Val av 2 representantar til å underskrive møteboka
 

Sak 2:              Årsmelding 2005
 

Sak 3:              Rekneskap 2005
 

Sak 4:              Val av nytt styre 2006
 

Sak 5:              Saker frå styret
a) Auke av kontingent
 

Sak 6:              Ymse
 
 
 
 
 
 
 
 

ÅRSMELDING EID MUSIKKLAG 2005

Samansetting av styret etter årsmøtet 09.02.2005

Leiar:                                                  Ingrid Myklebust
Nestleiar:                                            Knut Eidheim
Kasserar:                                            Annbjørg Mikalsen
Sekretær:                                           Andreas Rotevatn
Leiar i sosialnemnda:                        Siv Rotevatn
  ”         økonominemnda:                  Inger Lise Strand
Varamedlem:                                      Lidvard Bergset

Økonominemnd:                                Inger Lise Strand
      Randi Alsaker
      Randi Følsvik
      Liv Marit Øvstebø

Sosialnemnd:    Siv Rotevatn
      Liv Berit Bjørlo
      Mari Jakobsen
      Joakim Kyrre Myklebust

Noteutval:     Dirigent Unn Elin Carlsen
      Rune Totland
      Ole Tom Myroldhaug

Mat ans instr:    Svein Rotevatn
Mat ans uniform:    Agnar Kragseth
Mat ans notar:    Rune Totland
Internettansv:    Inge Asbjørn Haugen

Valnemnd:     Rita Nyland
               Inger Lise Strand

Revisorar:     Bjarne Hundeide
      Inger Lise Strand

Styremøte:
Styret har hatt 8 styremøte. I tillegg hadde vi eit medlemsmøte i juni for å planlegge haustsesongen.

Øvingar:
Vårsesongen 2005:     Korpset hadde 21 øvingar.
                                    I tillegg hadde vi 2 veker med øving til Elskhug
                                    og Eksis.
                                    Vi hadde også ei øvingshelg i april.
Haustsesongen 2005:  Korpset hadde 16 øvingar
                                    I tillegg hadde vi øvingshelg i september.
 
 
 

Aktivitetar og speleoppdrag:

Januar:  Første øving 5. januar.
   Speling ved Unn Elin sin 40 års dag 10. januar.

Februar:  Framtidskveld v/NMF 2. februar.
   Konsert på Folkestad 5. februar.
   Årsmøte 9. februar.

Mars.            Basar Plassens venner 19. mars

April:            Basar Mega 11. – 16. april
   Øvingshelg 16. – 17. april
   Musikkbasar i Vallhall 17. april
    Barnekoret, D-kor og koret frå Folkestad deltok.
   Speling i gatene i Ørsta, pizza og bowling 20.april.
   Vårkonsert 24. april.

Mai:   Opptog og speling på hesteutstillinga 7. mai.
   Speling i forbindelse med frigjeringsdagen 8. mai.
   Speling i Gamlebanken og på Nordfjord Hotell i forb               Eli sin 50 års dag14. mai.
   Fest på hotellet om kvelden.
   Revelje, barnetog, folketog og tappenstrek 17.mai
   Bæring av utstyr til Riksteateret på Folkehøgskulen
   21. mai.
   Fotballkamp og grilling i Jektehola 25. mai.
   Speling i forbindelse med Berge sin 60 års dag.

Juni:   Noreg 100 år som nasjon, marsjering/speling 7. juni.
   Medlemsmøte 8. juni.
   Mykje øving frå 13. – 23. juni.
   Elskhug og Eksis 24. – 26. juni.

Juli:   Speling, marsjering, lodd og matsal i gata i forb med
   Sommarshopping 2. juli. Stand utanfor Bergart.

August:  Første øving 24. august.
   Marsjering og speling i forbindelse med åpninga av
   Den nye kunstgrasbana 28.august.

September:      Eidamessa 17. september.
   Verdens lengste korps, stand i gata i lag med alle
                               Korpsa i kommunen.
   Øvingshelg 24. – 25. september.
   Musikkbasar i Vallhall 25. sept.
      Stårheim Songlag og Tastamentet var med.
 
Okt:
Oppsummeringsmøte Elskhug og Eksis.

November:     Basar Rema 1000    9. – 12.  november.
   Øvingar i lag med Volda Hornmusikk 14. – 16. nov.
   Konsert i Eid Kyrkje 19. november.
   Middag og sosialt samvær på Nordfjord Hotell .
   Kyrkjekonsert i Volda Kyrkje 20. november

Desember:  Julekonsert i Eid Kyrkje 11.desember.
   Førjulskonsert i Hennebygda 14. desember.
   Speling, lodd/matsal i gata 18.desember.
   Speling på institusjonane julafta.

Merksemder:       Gåve til Unn Elin sin 40 års dag.
   Blomster til dirigentane på konserten på Folkestad.
   Blomster til Hjelle Skulekorps i forb med 30 års
   Jubileumet.
   Blomster til Eli sin 50 års dag.
   Blomster til Berge sin 60 års dag.
   Blomster til Lidvard i forb med hjerteoperasjonen.                       Blomster til Unn Elin for innsatsen i forb med              Elskhug og Eksis.
   Blomster til Rune sin 60 års dag.
   Blomster til dirigentane i forb med kyrkjekonsertane.
   Blomster til Helene i Hennebygda.
   Julehelsing til Unn Elin.
 
 
 

Medlemstal:
Det var 34 medlemmar ved vårsesongen og 36 medlemmar ved haustsesongen iflg Knut.

Musikkleiing:
Unn Elin Carlsen har hatt det musikalske ansvaret.
 
 
 

Oppsummering:
Året 2005 har vore eit aktivt år for Eid Musikklag.
Vi starta med framtidskveld der Helga Didrikke Sundal var med oss.
Konklusjonen etter den kvelden var at miljøet i musikklaget er veldig godt og at alle er veldig fornøgd med dirigenten.  Det vi bør bli flinkare til er å øve meir heime, og å møte meir presis på øvingane!
Det kom fram mange gode idear men det vi enda opp med var pizza og bowling i Ørsta og grilling/sosialt samvær i Jektehola. Begge desse arrangementa var svært vellykka og styret anbefaler at vi kan finne på liknande ting også dette året.

I februar var vi invitert til  kulturkveld på Folkestad. Vi hadde eit par fellesnr og nokre kvar for oss.  Etterpå var det basar og mat.
I april hadde vi musikkbasar i Vallhall og då fekk vi gjenvisitt av koret frå Folkestad.  Barnekoret og D-kor medverka også.  Det var fullt hus og godt med inntekter, absolutt noko å satse vidare på.

14. mai vart Eli 50 år.  Då spelte vi i Gamlebanken der Eli mottok ein pris frå kommunen for sin innsats for musikklivet i Eid.
Om kvelden hadde vi ei inspirerande oppleving då vi spelte inn gjestane i lag med Brass Brothers i lobbyen på Nordfjord Hotell.
Seinare var vi invitert til fest og hadde ein kjempeflott kveld.  Takk til Eli for den.

Juni var veldig aktiv for musikklaget då vi hadde ei sentral rolle som Kjøsnesmusikken i Elskhug og Eksis.  Det var veldig kjekt og inspirerande men også mykje arbeid, spesielt for dirigenten.

17. september hadde vi Eidamessa.  Då var det samarbeid med alle korpsa i kommuna der vi marsjerte ein og ein og var ”verdas lengste korps” (trur vi), det var veldig vellykka.
Vi hadde også felles stand i gata med sal av mat.

Etter forespørsel frå leiaren i Volda Hornmusikk hadde vi eit samarbeid med dei i november.  Vi hadde 2 fellesøvingar og deretter kyrkjekonsert i  Eid Kyrkje laurdag og i Volda Kyrkje søndag.
Middag og sosialt samvær laurdag kveld på Nordfjord Hotell.
Det var lite publikum både her og i Volda så vi var einig i at det ikkje er så mykje å satse på i framtida.

19. november var det planlagt revy i Vallhall. Denne vart utsett inntil vidare då det kolliderte med andre arrangement i bygda.  Rita jobbar vidare med stoffet med tanke på at den vert oppsett på eit seinare tidspunkt.

Førjulskonserten i Hennebygda var ei god avslutning på eit aktivt år.  Vi var som vanleg hjarteleg velkomne og hadde ein koseleg kveld der.

Nesten 1/3 del av korpset vårt består av ungdommar.  Både sosialt og musikalsk er dei ein stor ressurs for korpset og vi er veldig glade for  å ha dei med oss.

Til slutt vil vi rette ein stor takk til vår fantastiske dirigent som alltid er like inspirerande og positiv for korpset.

Takk for eit flott år!!
 
 
 
 
 
 
 

Andreas Rotevatn                                  Ingrid Myklebust
     Sekretær                                                   leiar
 
 
 
 


Eid Musikklag, heimeside.


Sist oppdatert: 26.01.2006.
Send kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.