Fjordenes Tidende måndag 6. september:
 

Cd-slepp på sjukeheimen
 

Onsdag blir det noko så sjeldant som eit cd-slepp på Eid sjukeheim.

Det er organist Ralph Cupper og saksofonist Inge Haugen som no er ute med cd-en "The White Cliffs of Dover". Dette er oppfølgaren til "Over the Rainbow" som kom ut for tre år sidan, og som har selt rundt 500 eksemplar. Dei to musikarane er sjølve godt nøgde med plata som no ligg føre og håpar musikken vil falle i smak blant publikum. Musikkopptaka er gjort i Eid kyrkje i februar i år, men repertoaret spenner vidt, også utanom tradisjonell kyrkjemusikk
    Cd-sleppet blir på onsdagstreffet, som Ralph Cupper og kona Karin er eldsjelene bak. Treffet er på Eid sjukeheim, og denne gongen får dei eldre høyre smakebitar frå den nye plata som musikarane distribuerer sjølve.

Evergreens volume 2.


Sist oppdatert: 20.09.2004.
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.