Saksofonist og organist med eviggrønt
17 eviggrøne klassikarar er å finne på ein kvalitets-CD som saksofonist Inge Asbjørn Haugen og organist Ralph Cupper står bak.
Duoen gav for tre år sidan ut CD-en "Over the Rainbow" med undertittel
Evergreens volume 1. No dreiar det seg om Evergreens 2 med hovudtittel
"The White Cliffs of Dover". Her er det mange godbitar for musikknytarar.
Det startar med "Folketone frå Hornindal" i Eivind Groven sitt arrangement
og sluttar med Carola Häggkvist sin "Himlen i min famn". Og mellom
dei 15 andre evergreens er "Amazing Grace" og "The White Cliffs of Dover"
to av dei eviggrønne som har fått plass på den nye CD-en.
Vakkert å høyre på! Innspelinga er gjort i Eid kyrkje.
At Inge Asbjørn Haugen og Ralph Cupper slår til med denne
etterfølgjaren etter suksessen med Evergreens 1, er det all grunn
til å gle seg over. Likeeins at vi har slike kvalitetsmusikararpå
saksofon og orgel i vårt nære distrikt.