Utklipp frå lokalavisa Fjordabladet laurdag 25. september 2004

Gledde Kongen med CD

Inge Asbjørn Haugen og Ralph Cupper sin siste CD «Evergreens Volume 2: The
White Cliffs of Dover» har fått ei stor lyttarskare, og ein av lyttarane må
ein vel seie skil seg ut frå resten. - Hans Majestet satte stor pris på å
motta denne gaven, var meldinga Haugen fekk i posten frå Det Kongelige Hoff
denne veka.

 CD-en til Haugen og Cupper vart spelt inn 21. februar, på bursdagen til Kong
Harald. Dette kom dei to musikantane til å tenkje på etter at plata var
spelt inn. Kva var då meir naturleg enn å sende nettopp Kong Harald eit
eksemplar av CD-en, samt eit eksemplar av den første dei spelte inn «Over
the Rainbow».

  Ralph Cupper fekk overlevert CD-ane direkte på Slottet laurdag 11.
september (endå ein spesiell dato), og denne veka kom det svar i posten.
Assisterande kabinettsekretær ved Det Kongelige Hoff, K. Brakstad, sende
brev til Inge Haugen med følgjande melding:

  «- H.M. Kongen har bedt meg om å takke Dem og Ralph John Cupper for de to
CDene «Over the Rainbow» og «The White Cliffs of Dover». Hans Majestet satte
stor pris på å motta denne gaven».

  - Klart det er stort å få eit slikt brev, seier Inge Haugen til
Fjordabladet, etter at vi snappa opp nyhenda her ein morgon.

  No heiter det ikkje lenger konge på haugen, men Kongen og Haugen.

GEIR ARNE SOLHEIM
geir.solheim@fjordabladet.no
Direkte telefon: 57 88 53 17

Sist oppdatert: 25.09.2004
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.
Tilbake til: The White Cliffs of Dover