Vi vil med denne utgjevinga også minnast John, bassisten vår, som gjekk bort så altfor tidleg for snart 20 år
sidan i slutten av juli 2002.
Nils fortel:
Den første dansespelinga mi saman med John var
tidleg på 1960-talet. Eg fekk telefon frå Eid med spørsmål om eg kunne møte med trekkspel på Plassen
jonsokaftan. Dei skulle skaffe ein til å slå gitar attåt. Det
var ikkje snakk om øving der! John var vel 14-15 år då.
Men det gjekk greitt! Kontakten mellom John og meg
var oppretta!
Vidare fram til slutten av 1970-åra spelte vi saman når
høvet baud seg. Både John og eg spelte i ulike små og
store musikkgrupper på denne tida.
I 1979 fann vi ut at vi ville satse litt meir.
Vi møttest i gamlehuset opp i Håja sjette juledag i 1979
og var på vegane frå februar 1980. Det vart gjort eit
«piratopptak» den kvelden. Teknikar var Olav i Tuna.
Frå 1980 til 1992 var vi ein fast kvintett. I 1988 gjekk
Knut og Rolf ut av gruppa og Nils Petter Nes og Jostein
Espelund kom inn.
Kassetten/CD-en er med første besetninga. Jobben min
i orkesteret var å administrere/organisere. Ordne med
spelingar, betaling osb.
John arrangerte mange av låtane som orkesteret spelte
og gjorde også nokre gode opptak. Desse opptaka er
gode minne frå «ei svunnen tid».
Etter 1992 var det slutt på dansebandet og vi gjekk tilbake til ulike smågrupper som på 1960- og 1970-talet.
Vi har mange gode historier med John og oss andre,
men dei er det vel best vi held for oss sjølve!
John var ein stor dansemusikar som du kunne lite på!
At han skulle gå bort så tidleg var eit sjokk for os



Sist oppdatert: 06.01.2022.
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.