Hornindal Musikkorps
(tidlegare Hornindal skulekorps)

Dette er eit utklipp frå Fjordingen 27.juni 1966.

Ifølgje dette utklippet starta øvingane hausten 1965 og debuten fann stad jonsokafta
23. juni 1966.

Eg siterer frå stykket nedanfor:
"Dei unge musikantane som byrja med øvinga siste haust, hadde ein liten debutkonsert
under sin dirigent Ragnvald Kirkhorn*. Dei gjorde stor lykke."

*Namnet på dirigenten skal vere Ragnar Kirkhorn som dirigerte korpset dei første åra.

Brurefølgje jonsokafta 1966 - kommentarar av Astrid Hamre (f. Lødøen) som var krunebrur

Underteikna kom med i korpset vinteren/våren 1966 - på trommer. Eg hugsar godt denne
tilstellinga. Eg var ned til Bjarne Øen på førehand for å få ei ekstra "briefing". Eg veit
ikkje om han hugsar dette.


 

Kanskje er det nokon som har fleire bilete frå denne jonsokkvelden ?
Sist oppdatert: 1. januar 2017.
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.

Heimeside: Inge Asbjørn Haugen