Utklipp frå lokalavisa Fjordabladet laurdag 14. juni 2003

Maratonmannen
Etter 209 maratonløp i inn- og utland kom endeleg sigeren for Eid sin eigen «Maratonmann», Inge Asbjørn Haugen.
 


I maratonløp nummer 209 lukkast det endeleg for Inge Asbjørn Haugen. 31. mai vann han maratonløpet i Namsos.
 

- Eigentleg skulle eg ikkje delteke i løpet i Namsos, seier Inge Asbjørn. Eid Musikklag hadde planlagt tur til Danmark, men på grunn av dårleg påmelding så vart turen avlyst. I staden vart det maraton i Namsos for meg.
  Inge Asbjørn Haugen gjennomfører kring eit kvart hundre maratonløp i sesongen. Men det var sprint det eigentleg starta med.
  - Men du veit, 100 og 200 meter vart  etter kvart for kort. Det var også slik at hadde du ein dårleg dag og missa  starten, så var dagen øydelagd. Starten på maratondistansen (42.195 meter) er ikkje vel så viktig, seier Inge Asbjørn med eit lurt smil.

Sjølvplaging
- Kva er det som får eit menneske til å ville seg sjølv så vondt som å springe maraton?
  - Ja, det kan du spørje om. Det er vel ein ekstrem måte å halde seg i form på. Å vere i form er viktig for meg. Er du i god fysisk form fungerer ein bra i andre samanhengar også. Så er det dette med konkurranseinstinktet, som alltid ligg latent i meg, seier Inge Asbjørn.
  - Korleis legg du opp trening og restitusjon?
  - Eg kan vel seie at eg trenar tre gonger i veka – maks. På trening køyrer eg ikkje lange drag, berre opp mot ein 18 kilometer. Dei lange draga får eg i konkurranse. Når det gjeld restitusjon etter løp, så kan eg vel seie det slik at eg ikkje trenar dagen etter. Er litt stiv i beina då.
   Inge Asbjørn nøyer seg ikkje med å delta på nasjonale maratonløp. Han har sprunge maraton i alle verdsdelar. Fyrste gong utanlands var i New York Maraton i 1986. – Då deltok eg saman med ein annan eidar, Jens Kongsvoll. Året etter var det Honolulu som sto får tur. Elles har det blitt London og Berlin. I Berlin sprang eg gjennom (lyd)muren, noko som sjølvsagt var ei stor oppleving, smiler den sympatiske langdistanseløparen. – Eg har også delteke i løp i Marokko. «Genesaretsjøen Rundt» i Israel. Det var rundt Genesaretsjøen, eg prøvde meg ikkje på, walk over, flirer han.

Veteran VM
Men den opplevinga som Inge Asbjørn kanskje aller mest set pris på er veteran VM i Brisbane i Australia.
  - Det var ei stor oppleving. Ikkje berre sjølve deltakinga i konkurransen, men også dei fjorten dagane eg hadde til å sjå meg rundt på dette store kontinentet, seier Inge Asbjørn som i helga skal delta i eit nytt løp i Bergen.

Tormod Flatebø
tormod@fjordabladet.no
 

Sist oppdatert: 18.06.2003
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.