Utklipp frå lokalavisa Fjordabladet laurdag 27. oktober 2007:

- Berre prøv dei som vil


FRIIDRETT: Inge Asbjørn Haugen er svært imponert over Harald Aabrekk sin klubbrekord i lengde, som han sette som 16-åring i 1972. Berre prøv dei som vil, seier Haugen.

DEN YNGSTE KLUBBREKORDEN i Eid IL er nesten ti år gamal, og blei sett på halvmaraton av Magnus Alsaker i 1998. Dette var også den einaste rekorden som blei sett på 1990-talet. Eldste klubbrekord tilhøyrer Dagfinn Bjørlo, som kasta diskosen 43.23 meter heilt tilbake i 1949.
  Klubbrekorden på 100 meter menn er på 11.0 sekund, og blei sett av Lars Englund i 1959. Her er det verdt å merke seg at Englund fekk notert tida 10.9 som sersjant i 333 skvadron på Sola i 1957 (lenke til artikkel i Stavanger Aftenblad finn du her). Dei eksplosive genane til Lars Englund har blitt ført vidare til barnebarnet Sander, som fleire gonger er norgesmeister på dei korte friøvingane i symjing.
  Storebror til Lars Englund, Jetmund, er i dag ein sprek bridgespelar og seniordansar. På friidrettsfronten har Jetmund klubbrekorden i høgde utan fart med 1.50 meter.
Elles er det litt spesielt at mesteparten av klubbrekordane på damesida er sette av utøvarar frå Hjelle krins, med unntak av løparane Margunn Melheim og Merete Grov i tillegg til Tone Giske sine rekordar i spyd og kule.
Dette er Inge Asbjørn Haugen si vurdering av klubbrekordane: «På kvinnesida er det nokre namn som går att: Søstrene Anne Karin og Wenche Aarøen, Merete Grov og Margunn Melheim. Alle desse oppnådde gode resultat på krins- og landsplan.
  Likeeins må vi på herresida nemne Lars Englund sin 100 m i det militære på 10.9. Kristian Sørland var den leiande sprintaren i 80-åra. På halvmaraton legg vi merke til Magnus Alsaker si veldig sterke tid (oppnådd under Hornindalsvatnet maraton i 1998). 1.14.46. Og så til slutt må vi ikkje gløyme Vålerengatrenaren Harald Aabrekk sitt lengderesultat frå 1972: 6.65 som 16-åring. Berre prøv dei som vil !!!!

Eit lite hjartesukk i den samanheng. Fotballen reiser kanskje med flesteparten av talenta?»

Jetmund Englund sin rekord i høgde utan tilløp blei sett for snart 50 år sidan. (Arkivfoto)

Bestenoteringar menn, Eid IL

Øving Namn Fødselsdato Rekord Tidspunkt/Stad

100 M Lars Englund 10.04.36 - 11.0 - 1959
100 M Kristian Sørland 25.05.62 - 11.0 - 24.05.1981 Byrkjelo
200 M Kristian Sørland 25.05.62 -22.6 - 24.07.1981 Oslo/Stovner
400 M Kristian Sørland 25.05.62 - 51.6 - 03.07.1981 Øvre Årdal
800 M Eigill Fareth 10.06.42 - 2.05.7 - 23.06.1963 Ålesund
1000 M Inge Asbjørn Haugen 27.04.53 - 2.55.3 02.09.1981 Byrkjelo
1500 M Eigill Fareth 10.06.42 4.13.6 22.06.1963 Ålesund
1 ENGELSK MIL Inge Asbjørn Haugen 27.04.53 5.03.0 20.09.1981 Ålesund
3000 M Eigill Fareth 10.06.42 8.58.6 27.07.1967 Bergen
5000 M Eigill Fareth 10.06.42 15.42.2 07.06.1967 Bergen
10000 M Eigill Fareth 10.06.42 33.42.0 02.07.1967 Kristiansand
HALVMARATON Magnus Alsaker 01.12.78 1.14.46 25.07.1998 Hornindal
MARATON Jens Kongsvoll 17.04.55 3.07.50 31.08.1985 Oslo
110 M HEKK Henrik Stokkenes 02.04.38 17.5 1962
400 M HEKK Odd Idar Halseth 17.02.44 1.04.7 1963
3000 M HINDER Eigill Fareth 10.06.42 10.13.6 01.07.67 Kristiansand
HØGDE Lars Englund 10.04.36 1.74 1959
HØGDE UTAN FART Jetmund Englund 24.09.34 1.50 1960
STAV Henrik Stokkenes 02.04.38 3.23 1962
LENGDE Harald Aabrekk 22.02.56 6.65 1972
LENGDE UTAN FART Andreas Storås 30.05.36 3.07 - 1959
TRESTEG Arne Wedvik 12.09.42 12.96 1960
KULE Arne Wedvik 12.09.42 12.73 1960
DISKOS Dagfinn Bjørlo 28.04.20 43.23 1949
SLEGGE Kjell Knævelsrud 21.06.44 33.89 1963
SPYD (GAMAL TYPE) Henrik Stokkenes 02.04.38 58.21 1962
5-KAMP Hermod Giske 09.04.43 - 2627P 1975

Meir statistikk finn du  her

Bestenoteringar kvinner Eid IL

Øving Namn Fødselsdato Rekord Tidspunkt/Stad

60 M Anne Karin Aarøen 13.01.64 8.0 09.07.1978 Førde
60 M Wenche Aarøen 28.02.67 8.0 31.05.1980 Sandane
100 M Anne Karin Aarøen 13.01.64 12.6 31.08.1980 Høyanger
200 M Merete Grov 02.01.64 25.8 10.05.1980 Ålesund
400 M Merete Grov 02.01.64 57.1 03.08.1980 Ålesund
800 M Trine Rye 07.02.67 2.25.3 07.06.1980 Ålesund
1500 M Margunn Melheim 09.10.65 5.04.9 09.08.1980 Førde
1 ENGELSK MIL Margunn Melheim 09.10.65 5.30.8 06.09.1980 Førde
3000 M Margunn Melheim 09.10.65 10.46.9 27.09.1980 Nordfjordeid
5000 M Margunn Melheim 09.10.65 19.07.8 17.09.1980 Nordfjordeid
100 M HEKK Anne Karin Aarøen 13.01.64 15.8 14.09.1980 Bergen
200 M HEKK Wenche Aarøen 28.02.67 34.00 27.09.1980 Nordfjordeid
400 M HEKK Anne Karin Aarøen 13.01.64 1.07.5 07.06.1980 Steinkjer
HØGDE Anne Karin Aarøen 13.01.64 1.45 24.09.1978 Førde
HØGDE UTAN FART Anne Karin Aarøen 13.01.64 1.25 13.12.1978
LENGDE Merete Grov 02.01.64 5.59 09.08.1980 Førde
LENGDE UTAN FART Merete Grov 02.01.64 2.61 24.02.1980 Sandane
KULE Tone Giske 19.04.48 9.31 1975
DISKOS Anne Karin Aarøen 13.01.64 28.36 31.08.1980 Høyanger
SPYD (GAMAL TYPE) Tone Giske 19.04.48 29.6 30.09.1979 Nordfjordeid

Meir statistikk finn du  her

Yngve Tolaas
yngve.tolaas@fjordabladet.no
Direkte telefon: 57885316

Hornindalsvatnet maraton, hovedside.


Sist oppdatert: 12.07.2011.
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.