Utklipp og bilete frå lokalavisa Fjordingen (Stryn) måndag 28. juli 2003:
Helge i einsam majestet
Ingen kunne som vente true Helge Hafsås i kampen om førsteplassen i årets Hornindalvatnet maraton. Dei einaste han hadde rundt seg dei siste kilometrane var halvmaratonløparar.


Ove Sveen


Dermed tok oldaren sin sjette maratonsiger for sesongen, men likevel var han ikkje heilt nøgd. Lyskeproblemet er ein ting. Noko anna er farten som manglar under konkurranse, i fylgje han sjølv. I alt 51 løparar fullførte heilmaraton laurdag. Mellom desse var fire kvinner. 46 fullførte halvmaraton og 14 var med på den kortaste distansen over 4,2 km i Hornindal

-Unødvendig å presse
Helge Hafsås tok tidleg teten i løpet , men skjønte tidleg at han ikkje hadde sjanse på eigen løyperekord. Difor kunne vi også sjå ein roleg løparkonge dei siste kilometrane der han til og med tok seg tid til litt ordveksling på siste drikkepost før Kjøshammartunnelen.
 -Det merkelege er at treningane ofte fungerer betre enn konkurransane. Eg er blitt tregare med åra og kjenner meg også betre opplagt på ettermiddagen, sa Helge før han gjekk i dusjen.

Sterke kvinner
Bak Hafsås gjekk det heile 8 minutt før toaren Tom Rune Lian sprang i mål, men det skal også seiast at same Lian (34) berre sprang sitt andre løp. Vi vil høyre meir frå han. Roy Ove Støve frå Gjesdal sprang suverent inn til siger i halvmaraton, og det er også grunn til å merke seg den knallsterke tida til Ulsteinvik-jenta Ingunn Eikrem Olsen. Anne Raftevold har også tydeleg halde forma godt ved like etter kraftmarsjen i Nederland.
 Inge Asbjørn Haugen som arrangementsansvarleg saman med Olav Rune Seljeset, hadde lagt ned mykje energi i forkant av løpet. Dette var ikkje til hinder for at han fullførte sin maraton nummer 214 på akseptabel tid.
 

Helge Hafsås mot mål saman med halvmaratonløparar (150 Egil Arne Standal, Ørsta og Marit Lødemel frå arrangørklubben)


Toaren Tom Rune Lian som sprang inn til den sterke tida 2.54.22 i det andre maratonløpet sitt.


Amerikanske Sharon Lynn Broadwell, t.v. vann heilmaraton kvinner. Her saman med halvmaratonvinnar Ingunn Eikrem Olsen.


Målfunksjonærane får stå som representantar for dei mange dyktige funksjonærane som stiller opp år etter år. Reidar Tomasgard (ståande ved bordet). Nora Flo (søv ikkje) og Ingrid Grodås (sitjande ved bordet). Reidar Lillestøl er dessverre kome utanom biletkanten.
Løparane er elles henta frå 50-årsklassen - frå venstre: 25 Arvid Tangerås, Strandebarm IL, 19 Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL og 28 Gunstein Wigemyr, Lillehammer Skiklub.

RESULTAT:
Maraton
Halvmaraton
Minimaraton



Sist oppdatert: 01.08.2003
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.