LØYPA

Hornindalsvatnet maraton


I forgrunnen ser vi målstreken for alle distansane i Hornindalsvatnet maraton. Dette er også starten på 10 km som går i Otredalen og tilbake.



Maraton (42195 m) startar på riksvegen vest for Hornindal sjuke- og aldersheim og held fram langs gang- og sykkelvegen til Hornindal Idrettspark. Fram til målstreken utgjer dette 2195 meter. Etter dette blir det fire gonger tur/retur Otredalen som ligg på nordsida av Hornindalsvatnet. Avstanden frå idrettsparken til Otredalen tur/retur utgjer 10 km.

Løypa går på fast dekke nesten heile vegen med unnatak av eit lite parti ved vending i Otredalen. Traseen er lett kupert, men for det meste flat.

Halvmaraton (21097,5 m) startar ved Hornindal kyrkje og held fram til Hornindal Idrettspark. Fram til målstreken utgjer dette 1097,5 meter. Etter dette blir det to gonger tur/retur Otredalen

10 km  Startar på målstreken og deretter ein gong tur/retur Otredalen.

Minimaraton (4219,5 m) startar i søndre sving på Hornindal Idrettspark. Etter 150 meter går løypa ut maratonporten. Den går deretter på gangvegen mot Grodås og på riksvegen gjennom sentrum forbi Anders Svor Museum. Løypa tek så av frå riksvegen og svingar til venstre forbi Hornindal alders- og sjukeheim i ei sløyfe slik den kjem tilbake til sentrum. Deretter følgjer ein maratonløypa mot mål.

Løypene er kontrollmålte 14. juli 2014 av KONDIS v/ Asbjørn Ringstad.

Ny veg etter "Dagmar"

Wikipedia: Hornindalsvatnet

 


Maratonporten
ligg her (i nordre sving)

Hornindal Idrettspark sett frå sør (gamalt bilete før Kvivsvegen og Honndalshallen vart bygde + den kontroversielle gangbrua)



Hornindalsvatnet maraton, hovedside.

Sist oppdatert: 27.06.2016.
Kommentarer til:  Inge Asbjørn Haugen.