Nordfjordeid, onsdag 19.08.2009

Ei "tragedie" som vart til ei solskinshistorie:

Kjell Birkeland sa til meg tidleg i år (2009) at han tykte litt synd i meg som berre hadde norgesrekord. Han meinte at eg burde få ein verdsrekord. Som sagt - så gjort: Under Nordmarka Skogsmaraton troppa han opp med den flotte flaskeskuta. Dette var nr 2775 - bygd av same mann - og altså verdsrekord. Eg var snar til å be Kjell Vigestad å ta bilete av hendinga. Lennart Skoog frå Sverige mottok også ei skute og er med på biletet.

Då eg kom heim dagen etter greier eg det "utrulege": Å sleppe ned dette kunstverket slik at det går i tusen bitar. Denne søndagen var totalt øydelagd. Eg gjekk lenge og ikkje fortalde dette til nokon. Dette vart for dumt ! Oddrun, eldste søstra mi, var den første som fekk vite om fadesen. Ho meinte at eg måtte seie dette til Kjell B. og fortelje om det som hadde hendt. Eg gjekk lenge og ruga på dette. Til slutt fann eg ut at eg ville gje Kjell dei to CD-ane av eigen produksjon for liksom å understreke det dårlege samvitet. Det hjelper no litt. Oddrun syntest dette var ein god ide.

Då Kjell og kona Lisbet var i Hornindal i samband med maratonløpet vårt greidde eg heller ikkje å bere fram ærendet mitt. Under Kongsvinger maraton møtte eg dei (med to CD-ar) og fekk bore fram den tunge bodskapen. Og veit du kva Kjell sa: Ingen problem - skal du til Lofoten ? Dette var eit spørsmål som eg kunne svare eit bekreftande ja på.

Så møttest vi på flyplassen i Bodø der Kjell hadde med ei kasse. Han seier at han også har med ei lita skute til søstra mi. Han syntest det var så fint at ho hadde påverka meg til å fortelje om kva som hadde hendt. Eg fekk ny skute, men ikkje noko ny verdsrekord. Søstra mi overtok no den nye rekorden: nr 2791.

Apropos det trasige - Kjell hadde følgjande humoristiske kommentar: "Han gjorde som Kupper'n - han knuste verdensrekorden". Det er klart at ein blir smigra av å bli samanlikna med slike ! Kupper'n er også den heldige eigar av ei flaskeskute.

Overraskinga var iallefall stor då Oddrun måndagsmorgon mottok flaskeskuta som ny verdsrekordhaldar - nr 2791.

Den nye verdsrekordinnehavaren

Foto: IAH

Slik vart ei trasig historie til ei verkeleg solskinshistorie med mykje lått og gaman.

Vyrdsamt
Inge Asbjørn Haugen
tidlegare verdsrekordhaldar - nr 2775

PS !!!!
Oddrun, den nye verdsrekordhaldaren, driv med produksjon av handarbeid. Før starten på Eidsvoll 6-timers fekk Kjell Birkeland overlevert eit par vottepar frå det rikholdige utvalet. Vottane sat perfekt. Håpar at også vottane til Lisbet passar. Oddrun har enno inga heimeside, men kanskje i framtida....


Kjell Birkeland, løpsoversikt

Arendal flaskeskutesamling


Sist oppdatert: 24.08.2009.
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.