Nyttårsafta 2007
Ei lita tale til Hans-Jacob

Mykje er sagt og skrive siste tida i samband med utdelinga av Kongens fortenestemedalje. Eg skal nøye meg med å bere fram ei takk på vegne av maratonfolket som i fleire år har fått høve til å kome til Bergen for å springe maraton i regjeringstida di. Vi er deg stor takk skuldig.

Eg har med ei lita gåve for å syne takksemda – og for at du ikkje så lett skal gløyme meg når du blir eldre og kanskje senil, så har eg teke med meg dei to CD-ane som eg har vore med på. På desse er her til og med marsjtakter som eg veit du set stor pris på. Eg må understreke at dette ikkje er CD-ar som eg deler ut gratis til kreti og pleti. Eg kan opplyse at kong Harald har fått. Du er med andre ord i godt selskap.

GODT NYTT ÅR !

Vyrdsamt
Inge Asbjørn Haugen


Sist oppdatert: 04.01.2008
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.