Mixmasters

Skipa 1983

Utklipp frå Fjordabladet laurdag 20. september 2003:

Gamle Nordfjord


Biletet er i dag henta frå vårt kulturarkiv. Biletet er ikkje så gamalt, men det kunne vore interessant å vite i kva samanheng biletet er teke og kva Ketil Rasmussen framfører.

Utklipp frå Fjordabladet tysdag 23. september 2003:
Biletet er teke nesten nøyaktig for 20 år sidan - fredag 16. eller laurdag 17. september 1983. Det stod vel truleg i Fjordabladet tysdag 20. september 1983?
På biletet ser vi storbandet "Mixmasters" på Raftevolds Hotell. Dette var debutopptredenen for orkesteret. Seinare spelte orkesteret mellom anna på jazzfestivalen i Molde i 1985 under leiing av den amerikanske klarinettisten Norman Leyden. Han har også vore arrangør for Glenn Miller.
Bandet var eit interkommunalt orkester der dei fleste av medlemane kom frå Eid, Hornindal, Volda og Ørsta. Vokalisten er utan tvil Ketil Rasmussen, no musikkrektor i Stryn (tidlegare i Eid)
Bakerste rekkje trompetarane Helge Hamsaas, Leif Hogne Rygh, Rune Totland, Per Gunnar Flø og på slagverk Stein Lied.
Sitjande på saksofon Magne Våge (delvis gøymd) - vidare trombonistane Kristin Skutle, Lise Hoddevik, André Folkestad og Bjørn Ove Lied. Saksofonistane i fremste rekkje: Einar Opsvik, Inge Asbjørn Haugen, Jan Reitehaug, Atle Espe og eine skoen til Nina Sandtrøen !!!
Songarane er ikkje med på biletet. Der deltok mellom andre eidaren Stein Salveson. Opplysningane er utarbeidd i samråd med Lise Hoddevik Rønnestad. Med helsing Inge Asbjørn Haugen.

PS !
Merknad frå underteikna: I høgre kanten på biletet skimtar vi også bassist Øystein Øye.


Songarane i Mixmasters frå venstre: Ingrid Slettevoll, Per Heltne, Stein Salveson, Anne Kari Vårdal og Johny Fosse.


Inge Asbjørn Haugen, heimeside.


Sist oppdatert: 06.10.2003.
Send kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.