Sogn og Fjordane storband

Skipa 1974

Slik starta det
Bjarne Volle fortel:
Hausten 1973 vart eg invitert med i eit fjernsynssamarbeid om å lage fleire program
kalla "Etter fjøstid", frå Vik i Sogn.
Med på laget var ma programleiarane Bergljot Engeset og Rolf Losnegård og
produsenten Kent Nilssen.
Mi oppgåve var i fyrste omgang etter ynskje, å sette saman eit storband frå
Sogn og Fjordane, ei oppgåve eg påtok meg med glede,
deretter å vere eit slags arrangør/kapellmeister under programma.
Det vart både kor med trekkspel og hardingfeler med storband ut av det.
Eg kontakta folk eg kjende i fylket, reiste rundt med køyreløyve i forbodstida om
vinteren, høyrde folk prøvespele, og konkluderte med at
3 trompetar, 3 tromboner, 3 saksofonar + kompgruppe var det eg kunne få til.
Så hadde eg ein trompetstudietur til Basel tidleg på året 1974.
Der sat eg på Hotel Krafft am Rhein og skreiv tre nummer for "mini-storbandet":
Ein Haydn-hyllest og dei to som er med her, Ballade og Kubein.
Originalnotane til Ballade og Kubein er vekk. Difor har eg valgt 10-ensemblet, men
Tribute to Haydn har original besetning.
Det interessante med "storbandet" var at dei som var med tykte det var så morosamt
at dei bestemte seg for å halde fram.
Sogn og Fjordane storband var eit faktum og dei møttest frå Årdal og Måløy til
fastsette prøver, med gode samarbeidspartnarar, på ulike hotell i fylket


Inge Asbjørn Haugen, heimeside.
Sogn og Fjordane Storband


Sist oppdatert: 23.12.2021.
Send kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.