Dette stod å lese i avisa Fjordingen måndag 11. juni:
 

Milslukar med CD-slepp
 

Inge Asbjørn Haugen er kjent både som dyktig saksofonist og maraton-fantom. Milslukaren har fullført ikkje mindre enn 163 maratonløp så langt. No gjev han ut ny CD i samspel med organist Ralph J. Cupper.



Hans Holmøyvik

Honndølen som til dagleg er å finne som konsulent på Eid likningskontor, er med andre ord både musikalsk og uthaldande i lange og tidkrevjande løp. Men realiseringa av CD-prosjektet gjekk fort føre seg. Ideen vart unnfanga like før jul ifjor, og i mars vart opptaka gjorde. Onsdag 6. juni kunne Inge Asbjørn Haugen vise oss den rykande ferske CD-en tre minutt før startskotet gjekk i Postvegløpet i Markane.

Radarpar
Inge Asbjørn Haugen sitt samspel med Ralph J. Cupper starta i 1989. I åra som har gått, har dei to utvikla seg til å bli eit radarpar. Dei opptrer i alle slags kyrkjelege samanhengar og på andre ulike tilstellingar.
        CD-opptaka var lokaliserte til Cupper si heimebane, Eid kyrkje, fortel Haugen. I mars var Peder Arne Lid frå Volda på plass og gjorde opptaka. Den same Lid var også med og realiserte kassetten til Haugens Kvintett i 1987, ein kvintett der Inge Asbjørn var med.

Vakker musikk
Haugen og Cupper sin ferske CD har tittelen Over the rainbow. Dette er ei plate med mykje melodiøs og vakker musikk som skulle treffe eit breidt publikum. Komponistar som Edvard Grieg, Leonard Bernstein, Franz Lehar, Harold Arlen og mange fleire er representerte. Her er det berre å lene seg tilbake og nyte musikken.

Heilt spesielt
At Inge Asbjørn Haugen presenterte den nye CD-en for Fjordingen den 6. juni 2001, vart tilfeldigvis temmeleg spesielt:         - Det er på dagen ti år sidan min store favoritt, saksofonisten Stan Getz, gjekk bort, kunne Inge Asbjørn fortelje like før starten på Postvegløpet. Getz gjekk over på dei evige jazzmarker 6. juni 1991. Haugen har over 100 Stan Getz-plater i samlinga si. På jazzfestivalen i Molde i juli 1990 fekk han oppleve sitt store idol.
    Men no er det altså med sin eigen CD Inge Asbjørn Haugen, saman med Ralph Cupper, sprer musikalsk glede.

At Inge Asbjørn Haugen presenterte den ferske CD-plata i samband med eit idrettsarrangement, var slett ikkje unaturleg.
 
 

Inge Asbjørn Haugen, heimeside.


Sist oppdatert: 17.06.2001.
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.