Dette stod å lese i Sunnmørsposten onsdag 8. september:
 

Ny CD med nattklubbstil
 

Nattklubbstil i kyrkjerommet står sentralt på saksofonist Inge Haugen og organist Ralph Cupper frå Nordfjordeid sin rykande ferske Cd. I dag har dei noko så sjeldan som eit plateslepp på Eid sjukeheim.

Ingebjørg Nilsen Stokkenes
kultur@smp.no

På deira nye CD "The White Cliffs of Dover"  er det vakkert samspel mellom saksofon og orgel.Her finn ein både folketonar, salmar, filmmusikk og kjende slagerar. Dette er oppfølgjaren til "Over the Rainbow" som kom ut for tre år sidan.
    - Vi hadde ikkje drøymt om den overveldande responsen som vi fekk på den førre plata, seier Haugen.
    - Dei har i ein årrekkje samarbeidd med spelejobbar. Engelske Cupper har sidan 1988 vore organist i nettopp Eid kyrkje, og Haugen
vert stadig spurt om å spele der i samanheng med gravferd eller bryllaup.
    - Eid kyrkje er heimebana vår, og ein av dei plassane vi spelar mest, seier dei. Det var difor naturleg å ha innspelinga av CD-en i nettopp kyrkjerommet, på sjølvaste fødselsdagen til Kongen.
    - Vi håper publikum vert nøgde. Denne gang har vi med alt frå vals til folketone frå Hornindal. Her er også brudemarsjen til kronprinsparet, fortel dei, som begge har passert femti. Sjølvironien har dei på plass. Tittel til ein eventuell tredje CD har dei også klar: "Two sleepy people".
    - I jobben min prøver eg å ta med litt Hollywood inn i kyrkja. Sist søndag spelte eg Harry Potter, og det er nettopp denne kombinasjonen med musikk i nattklubbstil i kyrkjerommet som fengjer publikum. Noko liknande har ikkje vore gjort her i distriktet , påpeikar  Cupper.

Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Evergreens volume 2.


Sist oppdatert: 02.04.2005.
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.