Utklipp frå lokalavisa Fjordabladet tysdag 7. september 2004

Mektig frå Ralph og Inge

Ein treng ikkje forlate kommunen for å få god musikk på CD. Det har Ralph Cupper og Inge Haugen prova med den andre CD-utgjevinga si "Evergreens volume 2: The White Cliffs of Dover". Ei skikkeleg stemningsplate med to av våre beste og kjæraste artistar.

Det går i kjent og kjært låtmateriale hjå Ralph og Inge, og det er verkeleg evergreens dei presenterer på plata. Heile 17 låtar får du på CD-en, og spennvidda er stor. Er du glad i lågmælt og nærast overjordiske tonar, kombinert med det mektigaste mektige, så er kombinasjonen av Ralph sine både sarte og veldige kyrkjeorgeltonar og Inge sin både mjuke og skarpe sax ein fryd for øyra.

God lyd
På CD-en er det både lokale tonar, samt nokre av dei verkeleg store verdsstykka. Musikken er mellom anna av komponistar som John Williams, Walter Kent, Geoffrey Bush og John Phillip Sousa, dess med høvesvis stykka "Schindler's List", "Trumpet March", og "The Stars and Stripes Forever". Det er også stykke av meir lokal og nasjonal karakter, som "Folketone frå Hornindal", "Ut Mot Havet" og "Gamme--Sjugurmarsjen". Alt i alt ei svært vellukka blanding av roleg og heftig, som verkeleg får fram det beste i musikarane.
    Ralph Cupper er alltid ei oppleving å høyre. Som kyrkjeorganist er han strålande. Han legg verkeleg sjela si i at å gå til kyrkje i Eid kommune ikkje berre skal vere ei åndeleg oppleving, men også i høgste grad ei musikalsk oppleving. Så kan ein diskutere kvar grensene mellom dei to går, når kyrkjeorgelet verkeleg tek av.
    Inge Haugen er glimrande på sin saxofon. Absolutt best er han når han dreg dei lange jazz-tonane, tankane forsvinn fort vekk frå at dette er ein lokal CD-produksjon, og ein tenkjer fort på langt meir vidgjetne artistar og originale innspelingar. Det er kombinasjonen av Ralph og Inge som gjer CD-en så spesiell.
    Plata vart spelt inn i Eid kyrkje på Nordfjordeid 21. februar i år. Lydteknikar har vore Peder Arne Lid i Palloa Lydproduksjon i Volda. Lydmessig er produksjonen svært god. Ein har klart å fange inn dei flotte tonane som veggane i Eid kyrkje gjev.
    Dette er ei plate for alle som er glad i orgel og saxofon som instrument, og som set pris på dei store musikalske verdsverka. At også plate er innspelt live og utan juks og triks, gjer det heile meir imponerande.
 
 

GEIR ARNE SOLHEIM
geir.solheim@fjordabladet.no
Direkte telefon: 57 88 53 17

Tekst til bilete som er med på den skanna versjonen nedanfor:
Endeleg er oppfølgjaren til Ralph og Inge CD-en komen. Artistane vonar at volume 2 skal verte like stor suksess som den første. Volume 1 selde i 500 eksemplar, og er framleis råd å få tak i.
 

Nedanfor ser vi ein litt dårleg skanna versjon av avisoppslaget.
Til orientering:  originalen av biletet er i fargar !!!!!!!!!!!!!!!!!!

Sist oppdatert: 08.09.2004
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.
Tilbake til: The White Cliffs of Dover