Møt maratonmannen frå Nordfjord!

9. apr. 2013 av: Sonja Sverredotter Lund

http://skattenett/img/utskrift.gifSkriv ut

Inge Asbjørn Haugen, som til dagleg jobbar på skattekontoret på Nordfjordeid, sprang sin maraton nummer 444 i påska og kom i mål på tida 4.44.44.

Både NRK, BT, Aftenposten, Adresseavisa, VG og Fjordingen hadde sist veke artiklar om den spreke og blide karen frå Nordfjord.

Når ein kollega er å finne i "alle media", så må vi sjekke litt opp kva dette er for ein kar og kva i all verda er det han driv med. Derfor tok eg ein telefon til Inge på Nordfjordeid tidleg i går morgon. Jau, karen var på jobb, frisk og opplagt og i sprudlande humør – som vanleg er for Inge.

Korleis er det å vere kjendis, Inge?

Inge ler og seier at det går an å vere lokalkjendis, men at "det må vere eit helvete på jord å vere rikskjendis". No ventar han berre på at "Se og Hør" også skal ringje.

På heimesida til Inge står det at han per idag har sprunge 445 maraton og ikkje 444.

Inge fortel at han var i Bergen og sprang på laurdag. Då presterte han årsbeste på 4,23,06. På heimvegen tok han like godt med seg krinsmeisterskapen i terrengløp på Sandane (Krinsmeisterskap for Sogn og Fjordane), og der vart han krinsmeister i sin klasse. "Det er ikkje min feil at eg er einaste deltakar i klasse MV 60-64", ler Inge.

Korleis kom du på å gje deg i kast med denne typen idrett?

Inge fortel at det var litt tilfeldig at han byrja med maraton. På ein måte skuldast det Skatteetaten. Han byrja på likningskontoret på Sandane i Gloppen i 1977 og innsåg at han då hadde fått ein stillesitjande jobb. Inge tok like godt "det vonde ved rota" og byrja å trene. Han melde seg inn i det lokale idrettslaget og dermed var det gjort. I 1979 fekk Inge jobb på likningskontoret på Nordfjordeid og vart medlem i idrettslaget der. "Eg er sprintar av legning", opplyser han. I "sprintkarrieren" oppnådde Inge 24,37 (elektronisk) på 200 meter, som nok er den beste personlege rekorden hans uansett distanse.

Inge gjekk på Skatteetatskulen i Bergen midt på 80-talet. Han mimrar litt om det, og nemner dei gode venene og treningskameratane han fekk der og i idrettslaget SVIL. Sin første maraton, som er ein distanse på 42 195 m, sprang Inge i Drammen i 1984. Sidan har det altså blitt så mange at Inge ligg på norgestoppen i antall løp. På spørsmål om kor lenge han har tenkt å halde fram, seier Inge at han tek eit løp om gongen og set pris på at han er frisk og skadefri. "Det er mange som ikkje kan seie det", seier Inge og blir alvorsam i stemma.

Eg er nysgjerrig på kva Inge tenkjer på når han står klar til å leggja ut på eit så langt løp, og kva tenkjer han på undervegs og når han ser målstreken nærme seg?

Inge må tenkje litt før han svarar, men etter litt seier han at han ikkje gruar seg til løpet. Han veit at han har 4 timar (og vel så det) framføre seg. Undervegs pratar han med folk han spring saman med om det høver slik.

Er det verkeleg mogeleg?

"Ja, det er ikkje pusten som er problemet, det er beina. Det gjeld å starte i passe tempo, det er viktig", fortel Inge. Og så prøver han alltid å gjere det best mogeleg. "Men det beste med maraton er dusjen etterpå og så ein kald øl", humrar Inge. "Og så det gode samvetet for å ha gjort noko bra for kroppen".

Fleire hobbyar
Inge fyller ikkje fritida si berre med trening. Han er også ein ivrig musikar. Han prøvde å mase seg til ein saksofon fordi han hadde kameratar som spelte, men han fekk klar beskjed av mora at det måtte vente til han tente pengar sjølv. I 1972 var Inge ferdig med gymnaset og gjekk rett ut i lærarjobb i Dalsfjorden på Sunnmøre. Då reiste han til Ålesund og kjøpte sin første saksofon, og det har blitt fleire med åra.

Han har til og med spelt inn to CD-ar saman med engelske Ralph Cupper, som er organist i Eid. Den siste av desse vart tilfeldigvis spela inn på 67-årsdagen til kongen. Cupper personleg leverte så desse i vakta på slottet. "Eg reknar med at Harald lyttar på dei kvar dag", seier Inge og ler godt.

Inge får også tid til ein annan hobby, kryssordløysing. Kryssordet i Dagbladet er ein av favorittane. I tillegg abonnerer han på blad med gode kryssord i. Han er kåra til "Norges superhjerne" av Kryssårboken 1997 og har delteke fleire gonger i NM i kryssord. Han er også kryssordforfattar i bladet "KONDIS".

heimesida til Inge kan du lese om idrettsprestasjonane hans og musikalske merittar m.m..

Og trur du ikkje at den aktive "fjordingen" får tid til å sjå på tv også! "Litt i alle fall", seier han.

Jubilant
Den 27. april fyller Inge 60 år. Før den tid skal han delta på maratonløp i Holmestrand førstkomande søndag, så er det Rett vest i Florø den 20. april. Der deltar Inge for 25. gong! Og på sjølvaste bursdagen skal Inge springe Bergen City Marathon i Bergen.

Blir det fest?

"Ja, med Linda Eide etter løpet," seier Inge og humrar. "Men det er ikkje fest for meg, altså", legg han til.

Vi ønskjer Inge lukke til med komande maratonkonkurransar og gratulerer med bursdagen !!

Klikk for å gå tilbake Tilbake

Inge Asbjørn Haugen i Påskemaraton 2013. (Foto:Bjørn Hytjanstorp)