Inge Asbjørn Haugen                                                                                                                                                                              12.08.00
boks 121
6771 NORDFJORDEID
 

Hei !

Eg vart forrige helg minte på at du faktisk har aldersrekorden på halvmaraton for 70-74-årsklassen, og det løpet gjorde du nettopp i Hornindal ! Eg var i kaffebesøk hos Hans Rostad i Oslo etter at vi kom frå Kongsvinger maraton. Det er muleg at han kan lukte på rekorden i år.

Eg fekk ein ide. Eg hadde lyst å gjere litt meir av det. Dersom du har eit brukande bilete - gjerne eit gamalt frå femtiåra - kunne du sende det slik at eg kunne få legge det inn på ei side på heimesidene våre. Biletet kunne gjerne vere signert med ei kort helsing. Kanskje du kunne ramse opp nokre punkt som eg kunne ta med. Du har sett desse intervjua i KONDIS. For alt det eg veit kan du vere "behørlig" presentert i KONDIS, men eg har ikkje vore med lenger enn frå 1987. Du har jo tross alt vore med frå starten. Eg syntest dette var ein god ide.
 
 

Beste helsing
Inge Asbjørn Haugen
Medarrangør Hornindalsvatnet maraton
DNL/Distriktskontakt for Nordfjord

Her er svaret som kom frå Jakob (Jakobs brev):
 
 

                                                                                                                                                                    Tresfjord 14-8-2000
 

    Inge Asbjørn Haugen

Jeg vet ikke om jeg gjør meg særlig på internett, men det er jo morro å oppleve at en ikke er helt glemt.

Tegningen er fra avisen "Fylket", Molde i anl. at jeg fylte 60 år.

Foto fra et terrengløp sist i 1950-åra.

1995-sesongen var min hittil siste, men du kan jo nevne at jeg holder formen med tømmerhogst, mosjonsløp og turmarsjer, og jeg ser ikke bort fra at jeg kan stille i halvmaraton langs Honndalsvatnet neste år (!?)

Ang. dette med frivillig å springe maraton, så mins jeg en diskusjon med diskos- og slegge-mesteren fra 1920-30-åra, den kjempestore bergenseren Sjur Johnsen, som avgjorde diskusjonen slik: "di dommare de e' di lengere spring de"
 


 

Vedlegg:


Hornindalsvatnet maraton, hovedside.

Sist oppdatert: 210800.
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.