LØYPA NB ! Denne blir endra i 2014 !

Hornindalsvatnet maraton



Maraton (42195 m) startar på nordsida av Hornindalsvatnet (avmerka på kartet), Etter 3 km svingar løypa mot høgre og går rundt Leivdalen og inn på riksveg 15 ved første drikkestasjon, Etter ca. 6 km går løypa over Nor bru og held fram langs vatnet (riksveg 15) rundt alle tunnelane (ikkje igjennom!) Løypa går heller ikkje over Kjøs bru. Etter passering av Grodås sentrum (ved Olavs Matkro) går løypa vidare på gangvegen fram til Hornindal idrettspark, inn maratonporten og deretter 300 meter på bana fram til MÅL.

Løypa går for det meste på asfalt, med grus og sti innimellom. Traseen er flat med mindre stigningar frå start halvmaraton til Kjøs.

Halvmaraton (21097,5 m)startar ved austre enden av Kongenestunnelen. Løypa er identisk med siste halvpart av maratonløypa.

10 km  startar ved mål på Hornindal Idrettspark med 300 meter inne på bana. Deretter gangvegen mot Grodås og vidare langs riksvegen mot Kjøshammartunnelen der det blir vending ved 5 km. Løypa utgjer med andre ord dei siste 5 km av maratonløypa tur retur

Minimaraton (4219,5 m) startar i søndre sving på Hornindal Idrettspark. Etter 150 meter går løypa ut maratonporten. Den går deretter på gangvegen mot Grodås og på riksvegen gjennom sentrum forbi Anders Svor Museum. Løypa tek så av frå riksvegen og svingar til venstre forbi Hornindal alders- og sjukeheim i ei sløyfe slik den kjem tilbake til sentrum. Deretter følgjer ein maratonløypa mot mål.

Løypene er kontrollmålte 2/7-1995 av Den Norske Maratonklubb v/Vidar Dvergedal.
Wikipedia: Hornindalsvatnet


Maratonporten
ligg her (i nordre sving)

Hornindal Idrettspark sett frå sør (gamalt bilete før Kvivsvegen og Honndalshallen vart bygde)



Hornindalsvatnet maraton, hovedside.

Sist oppdatert: 05.08.2013.
Kommentarer til:  Inge Asbjørn Haugen.