Dette er ein kopi av det Odd Rønnestad (1936-2012) skreiv. Knut Rønnestad, son til Odd, har teke vare på dette og gjort det muleg å presentere det no.

THE CRASH BAND - Eid sitt storband på 1950 - talet


Litt bakgrunn:
The Crash Band var eit orkester som såg dagsens ljos på 50-talet på Nordfjordeid. Det gjekk ikkje lenge før det sto fram som eit kjent, kjært og veldig populært danseorkester for ungdomen. Frå 1953 til 1957 var det det orkesteret som samla flest publikum på dansetilskipingar i Eid og omegn. På den tida var det oftast berre trekkspel og gitar/fele som folk svinga seg etter i dansen, og det vart difor litt stort då The Crash Band dukka opp med sitt allsidige program, med stor instrumental oppsetning og etter forholda med flinke musikarar. Dei fleste aktørane hadde nok sitt utspring frå Eid Orkester og Eid Musikklag, som då var den bærande krafta i opplæring på instrument og i samspel, og elles alt som hadde med utøving av musikk å gjera.


Nede frå venstre: Ivar Gjerde, Lidvard Bergset, Finn Sunde, Arthur Paulsen
Bak frå venstre: Odd Rønnestad, Jetmund Englund, Kjell Kroken

Besetning:

Ivar Gjerde
Han spelte saksofon og klarinett. Han var musikalsk og hadde eit utruleg fint driv i spelemåten sin. Han var i sitt ess når vi t.d. spelte ”In The Mood” og liknande musikk.

Kjell Kroken
Han spelte trekkspel med stort repertoar. Han hadde evna til å få publikum i stemning med sitt vinnande vesen, sitt feiande flotte drag på spelet og med sine halloy til publikum for å få opp stemninga.

Finn Sunde
Klarinett og piano. Han kunne trille dei finaste tonar og viste stor musikalitet og taktføling.

Lidvard Bergset
Vår mann på trompet. Han spelte trompet som Louis Armstrong. Alle kjenner Lidvard og trompeten hans. Han er framleis å høyre som trompetist i Eid Musikklag. Utruleg musikalsk - han får fram ein klokkeklar tone på instrumentet sitt.

Arthur Paulsen

Han var trommeslagaren i gruppa og spelte i tillegg klarinett. Det var ikkje enkelt å få tak i brukbare trommer på den tida, men Arthur visste råd. Han fiksa sjølv opp att ei utrangert stortromme og laga fotpedal og stativ.

Jetmund Englund

Han spelte kontrabass. Han var i topp humør når han t.d. fekk solospele på kontrabassen sin i rytmelåta ”OH..”

Odd Rønnestad
Han spelte gitar. The Crash Band var kjent for godt rytmespel og god takt å danse til, og saman med dei andre i bandet medvirka Odd til dette.

Odd minner det slik:
Eg hugsar at vi så smått byrja øve i den gamle snikkarverkstaden til Paulsen, ut på Skårhaugneset, ova i vegen. Vi rydda vekk sagflis og material og snart ljoma det i den gamle verkstaden som berre det. Etter kvart fekk vi større og større repertoar og ein laurdagskveld fann vi oss gode nok til å debutere i selskapslivet. Det skulle vere fest i ungdomshuset i Remmedalen og no tok vi sjansen. Kjell Kroken gjekk heim og fekk låne bilen til far sin, ein 1950-modell BMW med det panseret ! Det var ein vanleg 5-seters sedan , og korleis vi fekk plass til oss sjølve i tillegg til alle instrumenta er framleis ei gåte. Men, ut i Remmedalen kom vi. Eg trur dette var sommaren 1953.
Vi vart mottekne med opne armar, for før vi kom hadde dei ikkje anna enn ein gamal sveivegrammofon å danse til. Lokalet var lite og det var ikkje plass til eit så stort orkester inne i salen. Vi plasserte oss difor i eit rom ved sida av og derifrå ljoma dei fyrste tonane ut i salen frå The Crash Band. Dermed var vi ute på marknaden !
Etter kvart som vi fekk speleoppdrag kom det litt kontantar inn i kassa og då kunne vi kjøpe notearrangement som passa til oppsetninga vår. Kvaliteten på orkesteret og repertoaret vart større og større.
Vi hadde det veldig morosamt saman, heilt til orkesteret vart oppløyst på slutten av 50-talet. Ein etter ein vart karane utskrivne til militærteneste, eller somme stifta familie og slutta av den grunn, og dermed vart det snipp snapp snute – orkesteret ute.

Takk til Knut Rønnestad som har teke vare på det Odd skreiv. Eg var så heldig å få vere kollega med Odd i mange år. Han gjekk dessverre bort alt for tidleg.

Inge Asbjørn Haugen, heimeside.

Sist oppdatert: 31.08.2016.
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.