Utklipp frå lokalavisa Fjordabladet torsdag 15. november
(skrive av Yngve Tolaas)


 Lars Rasmussen (t.v.) og Inge Asbjørn Haugen etter gjennomført løp. Dei budde på Hotel Beacon på Broadway, som vi ser i bakgrunnen til venstre. (Foto: Privat)*

Draumen om New York

MARATON: For alle maratonløparar er New York Marathon det absolutt største ein kan få med seg. To eidarar deltok i årets løp i metropolen ved Atlanterhavskysten.

Her får du nokre tankar som den danske nordfjordingen Lars Rasmussen og den naturaliserte honndølen Inge Asbjørn Haugen har gjort seg, etter å ha sprunge 42 kilometer gjennom gatene i verdas mest kjende by.

Lars: «New York City Marathon, er for dei fleste som ønsker å springe maraton det ultimate løp å få med seg. Eitt av verdas største løp. Etter reisa og gjennomføringa av løpet sit eg igjen med masse inntrykk og minner for livet. Både frå The Big Apple (byen), løpet og det sosiale samværet.
  Reisa og påmeldinga til løpet var organisert gjennom Sport og Helseferie i Larvik ved Gerhard Kraft. Reisearrangøren fortener all honnør for eit vel tilrettelagt og gjennomført opplegg. Fordelen med å melde seg på ein slik tur er jo at ein slepp å ”tenke sjølv”. Alt blir lagt til rette for kvar enkelt deltakar, frå henting av startnummer, innkvartering, henting og bringing, utflukter med meir.

Den store dagen var det bussavgang frå hotellet allereie klokka seks om morgonen, med puljevis start ti over ti. Når nærare 40.000 deltakarar (38.507 gjennomførte), frå dei fleste nasjonane i verda skal bringast til start, er det eit enormt apparat som skal til frå arrangøren si side.
  Vêret på løpsdagen var som skapt for eit stort maratonløp. Skyfri himmel og rundt 15 grader i lett vind. Så i ventetida til startskotet gjekk var det rikeleg med tid til å la spenningsnivå og alle inntrykk frå startområdet synke inn.
  Etter start skulle mange timar med trening førast ut i livet. Å springe frå Staten Island over den berømte Verrazano-Narrows Bridge, og gjennom dei andre fire bydelane i New York (Brooklyn, Queens, Bronx og Manhattan), for så å springe over målstreken i Central Park, var ei fantastisk oppleving. Mellom ein og to millionar hylande og begeistra tilskodarar sto langs løpsruta, og mange band underheldt. Dette fekk kvar og ein av oss til å føle oss som vinnarar.

Eg kom i mål på tida 4.08.01 (14.176. plass), kanskje litt dårlegare enn eg hadde håpa på, men likevel innanfor det eg kunne forvente. Viktigast av alt var å få ei god oppleving av løpet og å gjennomføre, og dét målet blei nådd.
  New York City Marathon er eit utruleg godt organisert og opplevingsrikt løp, så skal du ein gong i livet springe ein maraton må det bli i New York. Eg vil i alle fall anbefale det på det varmaste, og opplevinga lokkar for min eigen del allereie til gjentaking.»

Inge Asbjørn Haugen deltok i New York Marathon i 1986. Han er også kjend som utøvaren med flest maratonløp i Norge. Haugen sluttar seg til Lars Rasmussen sine inntrykk, og kjem i tillegg med desse tankane om løpet: «For min eigen del kan eg tilføye at eg nådde målet med å kome inn på ei betre tid enn i 1986: 3.55.44. Etter ei bra avslutning (dei to siste miles var dei raskaste) kom eg inn på 3.48.35. Siste halva var 11 sekund dårlegare enn første. På heimesida til arrangøren kan eg lese at eg vart nr. 8116. Det starta totalt ca. 39000.

Då eg kom på hotellrommet låg der allereie ei SMS-melding frå ein kar på Austlandet med gratulasjon. Denne meldinga "tikka inn" ca. 20 minutt etter at eg kom i mål. Ein kan seie mange ting om Amerika, men å arrangere maraton, det kan dei ja... Eg har sjølvsagt ikkje delteke på eit større idrettsarrangement nokon gong. Det som elles slår ein er kor venlege amerikanarane er og særleg når dei får høyre at du har delteke i løpet. Då kjem gjerne kommentaren: ”You're looking good”. Som Lars nemner var det eit veldig inspirerande publikum langs løypa. I tillegg til Frihetsgudinna, Empire State Building og rundtur på Manhattan var eg så heldig å hamne på jazzklubb i Greenwicch Village. Det er lenge sidan eg har høyrt storbandmusikk, så dette var "berre lekkert".»

Merknad IAH: Foto: Bård Rødde.
 

Klare for New York (Fjordabladet 27/10-2007)

Sist oppdatert: 15.11.2007
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.