Utklipp frå lokalavisa Fjordabladet laurdag 27. oktober 2007

Jens Kongsvoll (t.v.) har lagt joggeskoa på hylla, men har framleis klubbrekorden for Eid IL i maraton. Inge Asbjørn Haugen (midten) og Lars Rasmussen er klare for New York Maraton neste søndag.

Klare for New York

I 1986 reiste to eidarar til New York for å delta i verdas mest kjende maratonløp. 21 år etter er Inge Asbjørn Haugen klar for sin andre maraton i metropolen, men rekordhaldaren blir heime.

Det er nemleg ikkje mannen med norgesrekord i tal maratonløp som har klubbrekord på den 42 kilometer lange maratondistansen. Rekordhavar er Jens Kongsvoll, som var den andre eidaren som deltok i New York Maraton for 21 år sidan.
- Eg sette rekorden i mitt første maratonløp i Oslo, seier Kongsvoll, som gjennomførte til saman tre maratonløp før han la joggeskoa på hylla.

I New York for 21 år sidan var det heilt jamnt mellom eidarane, men til slutt var det Kongsvoll som trekte det lengste strået.
- Vi var faktisk ikkje i kontakt under løpet, men til slutt blei eg knust med 18 sekund, ler Haugen.
  Kanskje var det den noko uortodokse oppladninga til løpet som gjorde at Kongsvoll så ettertrykkeleg moste maratonkongen.
- Vi sto lenge og venta på Staten Island før løpet, og eg kjeda meg noko så vanvittig. Då bomma eg like godt ein røyk med ein meksikanar. Det gjorde susen, ler Kongsvoll.
Klubbrekorden er på 3 timar 7 minutt og 50 sekund. Den sette 1955-modellen Kongsvoll i Oslo i slutten av august i 1985. Inge Asbjørn Haugen sin pers er 53 sekund svakare.
- Det er nok lite sannsynleg at eg nokon gong forbetrar min eigen personlege rekord, så det må nok bli nokon andre som tar klubbrekorden, seier Haugen.
- Viss du slår rekorden skal eg byrje å springe maraton igjen, ler Kongsvoll.
- Ja, då har eg i alle fall motivasjonen, svarar Haugen kjapt.
  Haugen bør i alle fall ha det fysiske på plass til å kunne springe på ei god tid. New York Maraton blir det fjerde maratonløpet på berre 19 dagar for likningsfunksjonæren, som per idag har 320 maratonløp bak seg.
- Eg har faktisk gått ned sju kilo sidan i vår. Det er ikkje snakk om bevisst slanking, men eg har vore flinkare enn før til å vere strukturert i forhold til kosthald.
- Eg var berre 63 kilo då eg sprang maraton, så det er ti kilo sidan. Men viss Inge slår rekorden er det full guffe igjen, ler Kongsvoll.

I år får Haugen med seg ein dansk eidar til verdas største og mest prestisjefylte maratonløp. Lars Rasmussen (43 på måndag) har tre maratonløp bak seg, København, Berlin og Jølster (!). Rekorden er rett i underkant av fire timar.
- Det som er viktig er å vere i såpass god form at løpet blir ei oppleving. Ein konkurrrerer mest mot seg sjølv. Å delta i maratonløp er også ein fin måte å reise på, i tillegg til at det er fin trim, seier Rasmussen.
  Han ser fram mot løpet, som i fjor hadde 37.800 deltakarar og minst ein million tilskodarar.
- Eg har med meg mi personlege duskedame, nemleg dottera mi, Elizabeth. Dagen før maratonløpet skal vi delta på det 6 kilometer lange løpet «International friendship run», som startar ved FN-bygningen. Det blir sjølvsagt tid til andre opplevingar også, når ein først er i ein verdsby, seier Rasmussen.

Maratonkongen Inge Asbjørn Haugen er frelst på løp og friidrett, og er distriktskontakt for nettsida kondis.no. Overraskande nok meiner han at å springe 42 kilometer ikkje er noko spesielt.
- Med litt trening kan alle springe maraton. Det er overvurdert. Folk er nok redde for ikkje å klare å gjennomføre på ei brukbar tid. Her har vi litt å lære av USA. Der bryr ein seg ikkje om tid i det heile, seier Haugen.
Dette prinsippet må nok gjelde for eks-alpinist Kjetil André Aamodt, som er påmeldt til årets New York Maraton. Ein tung og eksplosiv alpintkropp er ikkje akkurat skapt for dei heilt store tidene på ein lang og seig maratondistanse.
- Eg trur det ikkje før eg ser det, men eg håpar sjølvsagt at han stiller, seier Haugen.
  Om det kan stillast spørsmålsteikn ved Aamodt sin form, er det ingen tvil om at dei to eidarane stiller godt førebudde til maratonløpet søndag 4. november.
- Eg følger eit treningsprogram. Det er viktig med mange kilometer i beina, for eit maratonløp skal vere ei fin oppleving. Ein skal sleppe å gå, seier Lars Rasmussen.
  Og at ein bør vere i rimeleg bra form før ein gir seg i kast med langdistanseløp kan Jens Kongsvoll skrive under på.
- Det var vel for rundt 15 år sidan. Eg stilte opp i St. Olavsløpet i Trondheim (halvmaraton)  heilt utan trening. Eg hugsar ingenting sjølv, men eg blei visst vatna siste kilometeren, ler Kongsvoll.

Yngve Tolaas
yngve.tolaas@fjordabladet.no
Direkte telefon: 57885316

Klubbrekordar EID IL:
Berre prøv dei som vil (Fjordabladet 27.10.2007)

Her er eit lite "bonusbilde":

"Travarane" i aksjon på stadion med utstillingsplassen i bakgrunnen.

Under ser vi faksimile av det som stod å lese i tilsvarande avis for 21 år sidan
laurdag 25. oktober 1986.


 

Sist oppdatert: 14.11.2007
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.