Fjordabladet tysdag 19. oktober 2004:

Maratonmannen mot rekord

Neste sommar, nærare bestemt den 23. juli vil Inge Asbjørn Haugen springe inn på idrettsparken i Hornindal etter å ha fullført sitt 267-ande maratonløp. Noko som vil vere norsk rekord i fullførte løp over den lengste OL-distansen.

Ein er på rimeleg trygg grunn når ein påstår at Inge Asbjørn Haugen lever og andar for lange løp. I dag har den spreke 51-åringen fullført 249 løp over maratondistansen, 42.195 meter. I tillegg har han gjennomført både kortare og lengre løp. Det aller lengste er Trolløpet i Bergen, som går over den vaksne distansen 100 kilometer. Om vi berre reknar maratonløpa så har Inge Asbjørn Haugen tilbakelagt distansen Eid-Oslo tur/retur over ti gonger. Eller for å seie det veldig enkelt. Han har 1055 mil bak seg på maratondistansen frå den spede starten i 1984.

266 maratonløp
Det magiske talet for Inge Asbjørn å slå er 266. Torleif Rekkebo er mannen som har gjennomført aller flest maratonløp i Noreg. Rekkebo, som altså har rekorden, vart funnen død på sovesalen føre eit maratonløp i Oslo i 1996. Mannen hadde då delteke i ni maratonløp i Sverige i løpet av like mange dgar. Han rakk med andre ord ikkje det tiande. Vårt spørsmål til den løpssterke "Honndølen"er kanskje ikkje uventa: Kan dette vere sunt?
    - Eg vil ikkje trekke det så langt som å springe så mange lange løp i løpet av så kort tid. Det ville vere å trekke det vel langt, seier Inge Asbjørn, som sjølv har seks kviledagar mellom to maratonløp som sin personlege rekord.
    - Er ikkje dette ein heller smertefull lidenskap?
    - Det er nok alt etter korleis ein ser det.Men treff du med tempoet så går det som regel greitt, seier Inge Asbjørn, men vedgår samstundes at det også hender at han bommar på opningsfarten. - Det hender vel at ein føler seg ekstra frisk og opplagt og køyrer litt hardt ut. Då kan det sjølvsagt bli litt tungt på slutten. Det beste er å nytte klokke slik at ein finn den rette opningsfarten, seier Inge Asbjørn Haugen, som i tillegg til å springe løpa også er distriktskontakt og lokalredaktør for Kondis i Sogn og Fjordane. Kondis er ein organisasjon for folk som likar å strekke på beina - eller for å vere heilt korrekt: norsk organisasjon for kondisjonsidrett.

Skal slå rekorden
- Slik det no ser ut, vel å merke om eg har helse til det og unngår skadar, så skal eg springe mitt 267-ande maratonløp den 23. juli neste sommar. Ekstra kjekt skal det bli å sette norsk rekord på heimebane, seier Inge Asbjørn, som sjølv er opphavsmann til Hornindalsvatnet maraton, som vart arrangert for trettande gong sist sommar.
    I 2003-sesongen gjennomførte Inge Asbjørn 29 maratonløp. I inneverande sesong vert det "berre" 25.
    - Til no har eg vore med i tjue løp i år. Dei fem siste blir maraton i Dublin, Trolløpet i Bergen (100 km), maraton på Jessheim og i Meråker. Sesongen vert avslutta med nyttårsmaraton i Ålesund femte juledag. Då er eg oppe i 254 løp - og det står att tretten for å slå rekorden til Rekkebo, seier Inge Asbjørn, som ikkje vil vere med på at det er slutt etter det.. Mange held på til dei er både sytti og åtti. Så eg trur at eg har mange gode år framfor meg enno, seier friskusen frå Hornindal.


Den 23. juli neste sommar skal Inge Asbjørn Haugen springe inn på
Idrettsparken i Hornindal. Om alt går etter planen vil han då ha gjennomført
sitt 267. maratonløp, noko som vil vere norsk rekord.

TORMOD FLATEBØ
tormod@fjordabladet.no
Direkte telefon: 57 88 53 18

Sjå: 100-klubben
Tilbake til: Maratonoversikta
Sist oppdatert: 19.10.2004
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.