KJELL BIRKELAND I 200 - BERLIN MARATHON 20. SEPTEMBER 2009
(KJELL SPRANG SITT MARATONLØP NR. 200)


I samband med Berlin marathon har eg motteke fylgjande e-post frå ein god maratonkamerat - Harald Sel. Denne er sitert her.
IAH

Hei
Vedlagt sender eg to foto vdr. Kjell sitt maraton nr. 200 i Berlin, i
tilfelle det er aktuelt å bruka eit av dei på 100-klubbsida. Begge er tatt
av kona mi, Jorunn Jaatten Sel.
Det eine er tatt Unter den Linden, ein km. før målpassering.
Det andre er ei jubilemsgåve underteikna av alle i Berlin-reisegruppa til
Kalle Glomsaker, ca 30 løparar og 10-15 suportarar.
Kjell har reist med Kalle til alle sine 21 (eller 22?) maratonstartar i
Berlin. Eg hadde den ærefulle oppgåva å overrekka gåva på jubileumsmiddagen
etter løpet. Biletet viser Lisbet og Kjell Birkeland. Lisbet har sprunge 16
maraton og 52 halvmaraton, Det er fletta inn motiv frå fire maraton dei to
har gjennomført i lag. Me ser Brandenburger Tor i bakgrunnen. Dei spring inn
på OL-stadion frå 1896 i Athen. På høgre sida ser me Colloseum, der
innkomsten er i Roma maraton. Til venstre er Vasilijkatedralen på Den raude
plass fletta inn. Den ligg tett ved start og mål for Moskva maraton.

Beste helsing
Harald


100-klubben

Sist oppdatert: 02.10.2009
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.