Dette stod å lese i Sunnmørsposten måndag 15. oktober 2004:

Har sprunge flest maraton i Norge

Få har sprunge så mange maraton som Inge Asbjørn Haugen (51) på Nordfjordeid. Han har sprunge maraton i alle fem verdsdelane, og no står det 250. løpet for tur i Dublin.

Ingebjørg Nilsen Stokkenes
nyheter@smp.no

EID. - Å springe maraton er ein livsstil, og er ein ekstrem måte å halde seg i form på, seier Haugen. Så langt i år har han tjue maraton bak seg. Måndag 25. oktober spring han sin 250. maraton i Dublin. Fem dagar etter er Trolløpet i Bergen på heile 100 km.
    - Eg har sprunge det før, så eg veit kva eg gjer, men det er tøft for beina å ha to løp så tett, fortel han, som alltid går opp eit halvt nummer i skostorleik etter eit maratonløp. Seinare i år står Jessheim og Meråker for tur, før han avrundar sesongen med nyttårsmaratonet i Ålesund 5. juledag.

Mykje igjen
- Det å halde seg i form har ein så mykje igjen for i dagleglivet elles. Samtidig har konkurranseinstinktet alltid vore der, det merkar eg både når eg spring og når eg løyser kryssord, seier Haugen, som er medlem av KONDIS, tidlegare Den norske Maratonklubb. Haugen er både distriktskontakt og lokalredaktør i Sogn og Fjordane.
    I dag er det 44 nordmenn som har sprunge fleire enn 100 maraton. Torleif Rekkebo hadde 266 løp, men døde for åtte år sidan. Dermed er eidaren Haugen den som i dag har flest maratonløp.
    Til dagleg er han å finne som konsulent i skatteetaten i Nordfjord. Interessa for tal, dato og tider har han alltid hatt. På fritida er han også ein ihuga kryssordløysar, og han lagar også kryssord sjølv i bladet Kondis.

Fem verdsdelar
Han debuterte som maratonløpar i 1984 med tida 3.26.00.
    - Nyleg hadde eg tida 3.24.48, noko som viser at eg i alle fall ikkje har vorte dårlegare på desse tjue åra, smiler Haugen, som eigentleg er sprintar. Han reknar med at hans beste løp nokon sinne er ein 200 meter på tida 24.37 på Byrkjelo. Hans livs maratonform hadde han som 45-åring, då han i Jølster opplevde tida 3.08.43.

    Haugen har sprunge maraton både i Europa, Amerika, Afrika, Asia og Australia. I sitt fjerde løp var han med i New York  - eit av verdas største løp.
    - Alle løp er spesielle, som å springe i Athen i -96. For tre år sidan deltok eg i Australia i VM for veteranar, og då hadde eg sprunge i alle fem verdsdelane. I -93 sprang eg ved Genesaretsjøen. Eg prøvde ikkje på noko walk over - det hadde forkorta løypa, spøkar den lokale maratonløparen.

    Det er maraton, musikk og kryssord som står hjartet hans nærast. Noko dame har det aldri blitt tid til.
    - Kanskje har eg prioritert feil, men eg kunne ikkje ha drive på slik eg gjer om eg hadde familie, fastslår 51-åringen, som vil halde på med maratonløp så lenge helsa held.
    - Eg sluttar den dagen eg føler springinga berre er eit ork, seier han som ikkje har fritidsproblem. Han er ein ivrig saksofonist, og sidan 70-talet har han vore med i Eid Musikklag. Nyleg gav Haugen og organist Ralph Cupper ut sin andre CD.


Inge Asbjørn Haugen på Nordfjordeid har sprunge maraton i alle fem verdsdelane,
og no står det 250. løpet for tur i Dublin.
Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Sjå: 100-klubben
Tilbake til: Maratonoversikta
Sist oppdatert: 17.12.2004
Kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.